Hopp til innhold

Ap-ordførarar møtte departementet

Onsdag var ein delegasjon av Arbeidarparti-ordførarar frå Sogn og Fjordane i Oslo for å møte representantar i Helsedepartementet.

Marta Finden Halset og Sonja Edvardsen

Eid-ordførar Sonja Edvardsen (midten) møtte saman med ordførarane frå Årdal og Lærdal representantar frå helsedepartementet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sonja Edvardsen frå Eid, Arild Lægreid frå Årdal og Arne Sanden frå Lærdal har vore i møte med statssekretær Ragnhild Mathisen og den nye politiske rådgjevaren til helseministeren, Tord Dale.

Diskuterte omstridde helsekutt

På agendaen stod dei omstridde kuttvedtaka som Helse Førde har gjort for lokalsjukehusa i fylket. Dei har bestemt seg for å leggje ned føde og ortopeditilbodet både i Eid og Lærdal, noko som har vekt sterke reaksjonar både blant lokalbefolkninga og politikarar.

- Vi skal ha lokalsjukehus

- Samtalene handla om vedtaket Helse Førde har gjort, sett opp mot det vi heile vegen har sagt. Nemleg at vi skal ha ei desentralisert sjukehusteneste i Sogn og Fjordane, det betyr at vi skal ha lokalsjukehus i tillegg til sentralsjukehuset, seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen.

- Møtte dokke forståing?

- Det som er heilt klart er at vi fekk bekrefta at Helse Førde ikkje kan ta vekk lokalsjukehusa. Dei skal bestå og det skal vere akuttberedskap indremedisin, og dei kan heller ikkje røre fødetilboda før det nasjonale arbeidet er ferdig, seier Edvardsen.