Hopp til innhold

Vil tillate alle sterke dop i sprøyteromma

I dag er det berre injisering av heroin som er lov i sprøyteromma i Bergen og Oslo. No går Ap og Venstre inn for å tillate bruk av fleire rusmiddel.

Anonyme narkomane Pez

AMFETAMINMISBRUKAR: Anonyme, narkomane Pez er ein av dei som ikkje får sleppe inn på det nye sprøyterommet som snart opnar, og difor heldt til under Puddefjordsbroen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Dei verste amfetaminmisbrukarane slit like mykje som heroinistane, seier narkomane Pez.

Han står i gangane under Puddefjordsbroen i Bergen. Pez brukar amfetamin, og får difor ikkje sleppe inn på det nye sprøyterommet som snart opnar like ved. Her får ein lov å injisere heroin under langt meir verdige forhold og under oppsyn av helsepersonell.

– Det blir nok litt misunning, trur eg. Nokon får komme inn i varmen, medan andre står ute og frys, seier Pez.

Det vil Venstre og Arbeidarpartiet gjere noko med. Dei vart denne veka samde om å opne for både røyking av heroin, samt bruk av andre rusmiddel i sprøyteromma.

– Det vert spanande å sjå om fleire parti sluttar seg til og om vi eventuelt får fleirtal, seier Ruth Grung (Ap).

Erlend Horn

– EIN FÆL TANKE: Sosialbyråd Erlend Horn (V) meiner det er galskap at amfetaminbrukarar blir avvist i sprøyteromma i Bergen og Oslo.

Foto: NRK

Blir behandla i vinter

Sosialbyråd Erlend Horn frå Venstre er klar på at han vil endre lova.

– Eg synest det er ein fæl tanke at dei tilsette skal seie nei til dei som kjem med amfetamin, og vise dei til undergangen, seier Horn.

Forslaget om lovendringa skal opp i Stortinget i løpet av vinteren.

– Eg håpar verkeleg at ein ser kva galskap det er å ikkje endre lova, seier Horn.

– Eit paradoks

Leiar av Straxhuset i Bergen, Hugo Torjussen, meiner òg at det må ei lovendring til.

– Vi har lenge fremma ønske om eit brukarrom der ein òg har moglegheit for å ta andre rusmiddel, seier Torjussen.

Hugo Torjussen

– PARADOKS: Hugo Torjussen er leiar av Straxhuset i Bergen, og meiner det er eit paradoks at lova ikkje tillèt alle rusmisbrukarar å få tilgang til sprøyterommet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Han kallar sprøyteromslova for eit paradoks.

– Formålet til lova er å betre det hygieniske, gjere det lettare å kome i kontakt med hjelpeapparatet og forhindre smitte og infeksjonar. Kvifor det berre skal gjelde for dei som skal injisere heroin er litt vanskeleg å forstå, seier Torjussen.

Den ferskaste Føre Var-rapporten frå KoRus Bergen – Stiftelsen Bergensklinikkene, viser at andre sterke dop er vel så utbreitt som heroin blant sprøytenarkomane i Bergen

– Vi veit at det er mykje amfetaminbruk i Bergen, slik har det alltid vore. Viss ikkje amfetaminbrukarane har anledning til å gå inn i eit sprøyterom vil dei framleis bli ståande ute, og bli ein ytterlegare pariakaste, seier spesialkonsulent Liv Flesland.

Burde sprøyterommet vore ope for bruk av alle rusmiddel?

– Ja, ut frå det rusbildet vi ser her i byen så tenker vi at det burde det, seier Flesland.

Liv Flesland

VIL HA SPRØYTEROM FOR ALLE: Spesialkonsulent ved KoRus Bergen, Liv Flesland, meiner sprøyterommet burde vore ope for bruk av alle rusmiddel.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Høie på glid

Helseminister Bent Høie frå Høgre har tidlegare vore sterkt i mot ei endring i sprøyteromslova, men no er òg regjeringspartiet på glid.

– Det er bevegelse og diskusjon innanfor partiet om ruspolitiske spørsmål, blant anna etter initiativ frå Høie, seier statssekretær i Helsedepartementet, Fredrik Wang Gierløff til NRK.

Han fortel at dei endå ikkje har sett forslaget.

– Vi vil gi våre vurderingar når vi har sett det, og så er det Stortinget som vil behandle sjølve forslaget, seier Gierløff.