Lovar meir 1
Det framlegget regjeringa har kome med vil føre til store kutt i sjukehustilbodet. Stortingsrepresentant Reidar Sandal kan ikkje seie enno kor mykje Arbeidarpartiet vil plusse på helsebudsjettet, men ekstra pengar lovar han.
Ekstra pengar til sjukehusa vi Sandal finne i budsjettpostane som lovar skattelette til dei mest velståande i samfunnet vårt.
– Ta frå dei som har mest
– Det er ikkje dei som har trong for skattelette, og der er det store beløp å spare. Vi vil legge meir pengar inn til velferdstiltak i kommunane våre og sjukehusa, og bruke meir pengar på å få folk i arbeid. Og då får vi ta frå dei som har mest, og gje til dei som er meir trengane, seier AP-representanten.
Lovar meir 2
– Bruk oljefondet
Også John Alvheim i Framstegspartiet lovar meir pengar til sjukehusa, men han vil ta pengane frå oljefondet.
– Det er pengar nok å ta av, seier Alvheim.