Hopp til innhold

Ap meiner regjeringa sviktar dei som står utanfor arbeidslivet

Arbeidarpartiet meiner regjeringa skriv ut feil medisin med aktivitetsplikt for unge på sosialstønad.

Ap kritiske til pliktarbeid

KRITISK: Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Torstein Tvedt Solberg, meiner regjeringa heller bør hjelpe dei som vil i arbeid, enn å kutte i støtta til dei som allereie har det vanskeleg.

Foto: Montasje: Steinar Lote/Mathias Oppedal / NRK

Regjeringa vil at unge (under 30 år) som tek imot sosial støtte pliktar å koste fortau, male gjerde eller vere i ein annan kommunal aktivitet.

Viss ikkje kan dei miste pengane sine.

–Vi meiner dette er feil medisin, og at regjeringa sviktar dei som står utanfor arbeidslivet, seier Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Torstein Tvedt Solberg.

Tvedt Solberg vil ha heilt andre tiltak enn det regjeringa legg opp til.

– Med den blå regjeringa har vi fått fleire på sosialhjelp og fleire på trygd, seier Tvedt Solberg.

Strengare frå årsskifte

Frå nyttår skal alle kommunar ha plikt på seg til å stille krav om aktivitet til alle som tek imot sosialstønad og som er i stand til å delta. Om nokon nektar kan dei miste pengane.

Denne veka har NRK fortalt om Eid kommune som er i gang med å tilby aktivitet.

Statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet Christl Kvam frå Høgre, har tru på at aktivitetsplikt kan vere ei god løysing over heile landet.

Christl Kvam

AKTIVITETSPLIKT: Statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet Christl Kvam frå Høgre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Då kjem ein seg opp av sofaen og får ein rutine i livet sitt igjen. Dei som ikkje møter, og som nektar å delta i aktivitetane, dei får reduksjon i sine ytingar, seier Kvam.

Regjeringa vil legge fram eit nytt forslag til Stortinget, men Stortinget var delt mellom samarbeidspartia og dei raudgrøne sist saka var oppe.

Fleire kommunar gjer i dag som Eid og tilbyr aktivitetsplikt utan at staten har pålagt dei å gjere det. Torstein Tvedt Solberg fryktar at det no blir meir byråkrati, og at fokus forsvinn frå å faktisk få unge over i arbeid eller utdanning.

– Vi meiner dette er å byrje i feil ende. Vi meiner det er viktigare å gi dei som vil jobbe eit tilbod om arbeid eller utdanning, enn å ta frå dei som allereie har lite, seier Tvedt Solberg.

Trur på fleirtal

Forslaget til regjeringa vil få fleirtal i Stortinget, det trur Venstre sitt medlem i Arbeids- og sosialkomiteen Sveinung Rotevatn.

Rotevatn seier det nettopp har vore viktig for Venstre at det er kommunane sjølve som skal få legge opp tilbodet ut frå lokale omsyn.

Sveinung Rotevatn. Trær i bakgrunnen

POSITIV TIL ARBEIDSPLIKT: Sveinung Rotevatn (V) er medlem Arbeids- og sosialkomiteen. Han meiner det er bra at det blir stilt krav om aktivitet til dei som har god nok helse til å vere i arbeid.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Så lenge det vert gitt nok handlingsrom til kommunane om å finne gode løysingar lokalt, så trur vi at dette er ei plikt som kan få fleire i aktivitet. Og det er vi positive til, seier Rotevatn.

Tilbake på Eid er aktivitetstilbodet til alle som står utanfor arbeidslivet så langt friviljug.

Nav – leiar Bodil Førde er spent på korleis pliktkravet frå regjeringa vil fungere.

– Vi er opptekne av at det må leggast til rette for kvar einskild, slik at dei kan få arbeidsoppgåver som passar, seier Førde.