Hopp til innhold

Ap-Arne slaktar barnevernet i Sogn

– Sogn barnevern har alvorlege problem og greier ein ikkje å rydde opp innan eit halvt år, er tida inne for å ta frå Sogndal kommune vertskommuneansvaret for barnevernet.

Arne Johannessen

Arne Johannessen meiner Sogn barnevern må lære av tilsyna, rydde opp og starte arbeidet med å byggje opp igjen tilliten.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Dette seier Arne Johannessen, gruppeleiar i Luster Arbeidarparti. Saman med nestleiaren i Luster Arbeidarparti har han skrive eit lesarinnlegg i Sogn Avis der han kjem med krass kritikk mot måten barnevernet blir drive på.

«Sogn barnevern har openbart ikkje fungert godt nok. Det er avdekt svært alvorlege arbeidsmiljøproblem. Truleg har det vore personbehandling som ikkje toler dagens lys», heiter det mellom anna i lesarinnlegget.

Svært uroa

Johannesen meiner barna og familiane som treng hjelp av barnevernet er den store taparen.

– Det som er mest alvorleg er at det i tilsyn utført av fylkesmannen er avdekt at dei ungane som skal ha hjelp ikkje fullt ut har fått den hjelpa dei skal ha. Dette handlar om sårbare ungar og sårbare familiar som absolutt treng eit topp fungerande offentleg tilbod. Vi er svært uroa over situasjonen, seier Johannessen.

Han viser mellom anna til ein førebels rapport frå fylkesmannen frå desember i fjor der det mellom anna går fram at Sogn barnevern ikkje har følgt godt nok opp vedtak dei sjølv har gjort.

Det kjem også fram at barnevernet avsluttar saker utan at det finst godt nok grunnlag for det. I ei pressemelding frå Sogndal kommune vedgjekk kommunen at det er stor fare for at hjelpa frå Sogn barnevern har vore mangelfull i perioden som er granska.

Johannessen meiner andre må ta over dersom ikkje Sogndal greier å rydde opp.

– Dei skal få arbeidsro ei stund framover. Men dersom ikkje Sogndal kommunen innan eit halvt års tid kan dokumentere at dei har rydda skikkeleg opp, er tida inne for å fjerne Sogndal frå vertskommuneansvaret for denne tenesta, seier Johannessen.

Vedgår problem

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, har følgjande kommentar til kritikken frå Johannessen.

– Vi har vedgått at vi tidlegare har hatt eit arbeidsmiljøproblem i Sogn barnevern som har gjeve redusert kapasitet i tenesta. Heldigvis har vi det ikkje slik lenger.

Men i rapporten frå fylkesmannen kjem det fram krass kritikk mot barnevernet?

– Den førebelse tilsynsrapporten frå 2015 og fram til september 2016 viser at det er ei rekkje alvorlege feil. Dette er forhold som vi sjølvsagt ser svært alvorleg på. Vi skal no ha eit møte med fylkesmannen om dette, seier han.

Jostein Aanestad

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, forstår at tilliten både til vertskommunen og barnevernstenesta ikkje er som den burde vere.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Aanestad forstår at mange lurer på kva som går føre seg i Sogn barnevern.

– Eg har full forståing for at tilliten både til vertskommunen og barnevernstenesta ikkje er som den burde vere.

Kanskje er ikkje Sogndal kommune i stand til å løyse problema?

– Vi har som sagt løyst arbeidsmiljøproblema. Vi planlegg no å lage ein forbetringsplan som skal vise at vi også er i stand til å løyse dei andre problema, seier Aanestad.