Hopp til innhold

Antirasistisk Senter: – Falske nyheiter fører til meir rasisme

Kor kritisk er du til nyheiter som kjem opp i straumen på sosiale media?

LIK OG DEL: Det er ikkje alle som sjekkar om nyheitene er sanne før del klikkar på dele-knappen på sosiale media.

– Det er ikkje ei ekte nyheit?

Maria Kvamme og venninnene ved Hafstad vidaregåande blar seg nedover satiresida Frihetsavisen. Tittelen på saka dei les er «Barnehage ble nektet lussekatter av muslimsk far!»

– Det var litt rar sak. Men eg er litt sånn som trur på alt, ler Stine Eide ved sidan av.

Saka dei ser på har blitt lest over 60.000 gonger.

Hafstad vgs

PÅ NETT: Maria Kvamme, Stine Eide og venninnene frå Hafstad vidaregåande skule seier dei ikkje alltid tenker over om nyheitene som kjem opp i straumen på sosiale media er sanne eller ikkje.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Vi er for lite kritiske til kjeldene

I flaumen av informasjon på sosiale media er det ikkje alltid så lett å skilje mellom ei ekte og ei falsk nyheit.

Det såg ein spesielt godt under det amerikanske valet, då mange usanne nyheiter vart delt og likt på sosiale media.

– Folk blir feilinformert. Dei er for lite flinke til å gå til kjelda og sjekke om det er riktig.

Gard Steiro

VG-REDAKTØR: Gard Steiro ynskjer at vi blir meir kritiske til nyheiter vi les på sosiale media.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

Nokre av sakene er satire, verre er det med dei som grensar til propaganda, seier Gard Steiro.


VG-redaktøren er ein av dei som er oppgitt over dei falske nyheitene som breier seg i sosiale media.

Fryktar at falske nyheiter skapar hat

– Slike nyheiter kan vere med å skape utanforskap i gruppene dei gjeld. Dei kan også skape redsle i den vanlege befolkninga, for den gir eit inntrykk av ei verkelegheit som ikkje stemmer, seier Shoaib Sultan frå Antirasistisk Senter.

Satirenettstaden Frihetsavisen vil vere anonyme, men seier til NRK at sakene dei skriv er meint å vere humoristiske.

– Vi ser at slike saker blir delt i lukka grupper. Der piskar ein kvarandre opp, og då kan det bli stygt. Difor er det all grunn til å ta desse sakene alvorleg, seier Sultan.

Shoaib Sultan

ANTIRASISTISK SENTER: Shoaib Sultan jobbar som rådgivar ved Antirasistisk Senter.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Han fortel dei har sett både drapstruslar og andre stygge kommentarar under nyheiter som ikkje er sanne.

– Problemet er at folk ikkje skjønnar at det er usant, seier han.

Sesongbaserte falske nyheiter

Kring høgtidene blir det spreidd spesielt mange nyheiter som ikkje stemmer.

– Kring 17. mai kjem det alltid noko om flaggdebatten. I juletider er det noko om skular som vil bytte ut julesongar eller liknande. Det kjem kvart år, og er stort sett drege ut av proporsjonar og framstilt som noko som ikkje stemmer, seier Shoaib Sultan.

Sjølv er han mest bekymra for ekte nyheiter som blir brukt på feil måte.

– Også nyheitssidene som skriv saker som ikkje er tydelege er nok eit større problem enn satiresidene. Vi veit at nyheiter i vanlege media ofte blir misbrukt eller tatt ut av proporsjonar, seier Sultan.