Annika (15) imponerte stort på Operagarden

15 år gamle Annika Beinnes frå Høyanger imponerte alle under operakonserten på Åmot Operagard søndag. Ikkje minst kom dei innhenta engelske operastjernene med mange lovord om stortalentet.

Annika Beinnes

15 år gamle Annika Beinnes frå Høyanger var i storslag under konserten på Åmot Operagard.

Foto: Bård Siem / NRK

– Du har ei fantastisk røyst, men du må ikkje lukke auga så mykje når du syng, var noko av det Annika fekk høyre av den engelske operastjerna Rachel Nicholls.

Forutan sin eigen konsert, var Nicholls leigd inn som instruktør for Annika og ei rekkje andre talent. Under vignetten Mimi Gloes Glamping var det klare tilbakemeldingar å få, både av ris og ros for deltakarane.

Inspirerande

Annika Beinnes og mamma

Mamma er imponert over dottera Annika Beinnes.

Foto: Bård Siem / NRK

– Nicholls er ein fantastisk operasongar og det var veldig inspirerande å ha henne som instruktør, fortel Annika.

– Du fekk mykje skryt. Kva seier du til det?

– Det er utruleg kjekt å få så gode tilbakemeldingar av ein slik kapasitet. Samtidig er det mykje å jobbe med. Mellom anna må eg trene på å halde auga meir opne når eg syng, ler Annika.

Damer i gåstol

Folk i alle aldrar kom for å vere med på operafesten på Åmot operagard.

Foto: Bård Siem / NRK

Trur Annika kan nå veldig langt

Nicholls meiner Annika er eit stort talent som kan nå veldig langt.

– Ho er også lærevillig og tek ting fort. Eg har veldig stor tru på henne, seier Nicholls til NRK.

Nicholls, som har sunge på operahus verda over, haustar for tida lovord i rolla som Isolde på den store engelske operafestivalen Longborough.

Eli Kristin Hanssveen

Eli Kristin Hanssveen syng til dagleg ved Den Norske Opera i Oslo. Laurdag kveld heldt ho konsert på Åmot operagard.

Foto: Bård / NRK

15- åringen song nyleg på NRK Sommerbåten, der mange oppdaga det store talentet hennar. Ho har delteke i Norske Talenter og vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester.

Pendle til Bergen

Åmot Operagard

Yngve Brakstad, Mary Miller og Steinar Sørli i storform på Åmot operagard.

Foto: Bård Siem

I juni vann Beinnes Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tippings Drømmestipend på 10.000 kroner. Frå hausten av må ho bu seg på å pendle til Bergen, der ho er tatt opp i Griegakademiet Unge Talent. Annika skal også delta i ein ariekonsert saman med ei gruppe andre unge songarar frå Edvard Grieg Kor og frå Bergen Nasjonale Opera sitt talentprogram Unge Stemmer.

På same tid som Beinnes og ei rekkje andre stortalent vart instruerte av Nicholls i låven på Åmot operagard, fekk amatørar frå lokale kor opplæring av den engeske barytonen Andrew Slater i hovudhuset på garden.

Åmot operagard

Også lokale amatørar fekk opplæring og inspirasjon på Åmot operagard. Den engelske operasongaren Andrew Slater var engasjert instruktør.

Foto: Bård Siem / NRK