Hopp til innhold

Annette (22) jobbar og studerer på bygda

Annette Lillestøl både jobbar og tek mastergrad frå heimstaden. Pandemien har gjort arbeidslivet meir fleksibelt for fleire, meiner arbeidslivsekspert.

Eskil Seljeset og Annette Liljestøl

FEKK JOBB I DISTRIKTET: Eskil Seljeset og Annette Lillestøl frå Hornindal flytta begge heim under pandemien og fekk jobbar i Nordfjord.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg hadde lyst på ein jobb som var relevant for utdanninga mi, men samtidig ta ein mastergrad, seier Annette Lillestøl (22).

Både ho og sambygding Eskil Seljeset (22) var studentar då pandemien kom.

Då tok dei med studiane heim.

No har begge fått jobb som rekneskapskonsulentar på Nordfjordeid i Stad kommune.

Lillestøl tek no mastergraden sin digitalt – mens ho arbeider hos selskapet Azets. Det fungerer bra, meiner ho.

– Eg kan jobbe når eg vil og vere fleksibel. I studiet kan eg sjå mykje video på nett, så då styrer eg kvardagen litt sjølv.

Meir fleksibelt for fleire

Jan Kristian Karlsen er forskar, skriv om det nye arbeidslivet og er leiar i selskapet Company Pulse.

– Pandemien har lært oss at vi kan arbeide og studere på avstand til arbeidsplass og studiestad – og at vi kan gjere det effektivt, seier Karlsen.

Det nye er at ein stor del av arbeidsstokken knytt til kontor- eller dataarbeid har fått ei moglegheit til å bruke denne fleksibiliteten, legg han til.

– Det at eg kom over Eskil og Annette var ei gullgruve for meg, seier Randi Nore, avdelingsleiar i rekneskapsselskapet Azets.

Ho seier rekruttering er krevjande i regionen, men meiner pandemien har opna nye moglegheiter i arbeidslivet.

– Studentane sit heime og studerer i staden for å vere i byane. Det gjer at dei også blir verande her, seier Nore.

Randi Nore, Azets

NYE MOGLEGHEITER: Randi Nore i Azets meiner pandemien gjer at ein ser nye moglegheiter i arbeidslivet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Vil ha modell for desentralisert utdanning

Utviklingsselskapet Inviro vil at fleire skal kunne gjere som Annette Lillestøl har gjort. Selskapet jobbar med ein modell for desentralisert utdanning som dei på sikt håpar skal bli ei nasjonal løysing.

Leiar i Demografiutvalet Viktor Norman har tidlegare peikt på desentralisert utdanning som ein del av løysinga for Bygde-Noreg.

Grøn omstilling, eldrebølge og urbanisering er alle tendensar som peiker i retning av det trengst fleire utdanningsmoglegheiter i distrikta, meiner dagleg i Inviro, Øystein Nes.

Han understrekar at pandemien i seg sjølv er negativ, men seier prosjektet deira har fått draghjelp av dei teknologiske endringane som har skjedd.

– Hadde det ikkje vore for covid, hadde vi ikkje vore så langt framme på digitalisering som vi er i dag, seier Nes.

Øystein Nes, Inviro

DESENTRALISERT: Øystein Nes i Inviro jobbar med ein modell for desentralisert utdanning i Nordfjord. Målet er å gjere modellen nasjonal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Noko spennande er i ferd med å skje

I ein kronikk på NRK Ytring argumenterer heimflyttaren Ragnhild Fagerslett for at «noko spennande er i ferd med å skje i norske bygder»:

– Gi unge folk moglegheita til å prøve ein annan kvardag, utan at det kostar for mykje. (...) Gi dei kontorfellesskap med sjukt bra internett. Legg til rette for at bedrifter kan ha billige satellittkontor, oppmodar Fagerslett.

Karlsen meiner dei nye måtane å arbeide og studere på kan spele ei interessant rolle for distrikta.

– Det er fantastiske moglegheiter for å kunne bu i distrikta og likevel vere knytt til sentrale arbeidsplassar og studiestadar i byane, seier han.

22 år gamle Lillestøl ser føre ei framtid i distriktet.

– Eg kjem nok til å bli verande. Det er ei bra moglegheit.