Synet av kvitmalne krigssymbol møtte i dag tidleg arbeidarane ved Entreprenørservice AS i Vevring.
Natt til 18. mai har nokon tagga kvite z-ar på anleggsmaskinane deira. Symbolet blir knytt opp mot konflikten mellom Russland og Ukraina, og skal vere eit teikn brukt av dei som støttar russisk krigføring.
– Forhåpentleg forstår dei ikkje symbolikken i det dei held på med, seier dagleg leiar i Entreprenørservice AS, Thomas Østerbø.
Dei er tilknytt det omstridde gruveprosjektet til Nordic Mining, som har vore målet for sivil ulydnad og søksmål. Planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden er dårleg likt av blant anna miljørørsla.
Han trur mediedekninga rundt gruveprosjektet på Engebøfjellet kan vere årsaka, og fortel at tagginga gjer han usikker.
– At mine tilsette blir møtte med krigssymbol når dei kjem på jobb, er ikkje det noko me kan ta lett på, fortel Østerbø.
POLITIMELDT: Tagginga er politimeld, og oppryddinga kan bli svært kostbar, seier Thomas Østerbø i Entreprenørservice AS.
Foto: Dagmar Vigdis Falkenstein– Har ingenting med sivil ulydnad å gjere
I tillegg til Entreprenørservice AS, er dei resterande anleggsmaskinane som kan knytast til gruveprosjektet til Nordic Mining utsett for same tagginga.
Østerbø fortel at han heile vegen har hatt god dialog med aktivistane som tidlegare i år lenka seg fast i anleggsmaskinane.
Det er leiar i Natur og Ungdom, Gina Gylver, samd i.
Ho tek sterk avstand frå tagginga.
– Hærverk har ingenting med sivil ulydnad å gjere, seier Gylver.
Ifølgje henne er openheit om demonstrasjonsformene viktig, og ho beskriv tagginga som regelrett kjipt gjort.
– Eit viktig prinsipp for oss i Natur og Ungdom er å vere opne om kven vi er, kva vi gjer og kvifor vi gjer det, fortel ho.
TAR AVSTAND: Natur og Ungdom veit ikkje kven som har tagga, og meiner det ikkje er ei god aksjonsform.
Foto: Jonas Løken Estenstad / NRKBlir politimeldt
Å fjerne tagginga er ifølgje Østerbø krevjande. Han er redd lakken vil bli ytterlegare øydelagde, og ventar på at ein takstmann skal vurdere skadane.
– Det kjem til å bli betydelege kostnader, og det er heilt nytt utstyr som knapt har vorte brukt, seier han.
Østerbø fortel at tagginga har vorte politimeldt.
– Det er trasig at folk tyr til sånne verkemiddel. No er det opp til politiet å bestemme kva som blir gjort vidare.
TRASIG: Østerbø er oppgitt over tagginga.
Foto: Dagmar Vigdis Falkenstein