Hopp til innhold

Anklagar granskar for dobbeltrolle i barnevernssak

Advokat Geir Kjell Andersland står bak den knusande granskinga av tre barnevernssaker i Samnanger. I 2011 behandla han sjølv ei av sakene omtalt i granskinga som fylkesnemndsleiar. – Inhabilt, meiner fagforeiningsadvokat.

Geir Kjell Andersland

FÅR KRITIKK: Geir Kjell Andersland opplyste ikkje om at han som fylkesnemndsleiar fekk ei klagesak til behandling som gjaldt ein av dei tre familiane i granskingsrapporten.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Som første norske kommune vil Samnanger forsøka å ta enkeltpersonar og institusjonar til retten for feil som er gjort i barnevernssaker.

Ein nedslåande granskingsrapport er bakteppet.

Den slår fast at barnevernstenesta svikta på fleire punkt i sakene til tre familiar i vestlandskommunen.

Til hausten skal kommunen ta endeleg stilling til om dei vil retta eit oppsiktsvekkande søksmål mot sin tidlegare barnevernssjef. Også tingretten og fylkesnemnda kan bli forsøkt innlemma.

Fekk klagesak på bordet

Advokat Geir Kjell Andersland er ein av to granskarar bak rapporten.

Mellom 2009–2018 var han éin av åtte nemndleiarar i nettopp fylkesnemnda i Hordaland og Sogn og Fjordane.

I denne perioden hadde nemnda fleire av sakene som er omtalt i granskinga til behandling.

Andersland var sjølv aldri involvert i nokre av dei tre sakene han har granska, har han tidlegare uttalt til NRK.

Men ei oversikt frå Sentraleininga for Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker viser at Andersland var nemndsleiar i ei av klagesakene i 2011.

Klagesaka gjaldt eitt av barna i den tredje familien som er omtala i rapporten. Saka handlar om ei firebarnsmor som kom til Samnanger i 2010 som kvoteflyktning frå eit krigsherja land. Ho mista etter kvart omsorga for alle fire barna.

Dermed hadde den uavhengige granskaren sjølv hatt innsikt i ei sak som er knytt til ein av familiane han seinare skulle koma til å granska.

– Andersland burde ikkje ha granska ei sak der han sjølv var involvert, meiner LO-advokat Herdis Helle.

Det er ho som har søkt om innsyn i nemndsakene.

Ho er hyra inn til å representera Fellesorganisasjonen (FO). Forbundet organiserer mellom andre barnevernstilsette.

Dei har reagert kraftig på kommunen sine planar om søksmål. Barnevernstilsette hevdar også at fleire av partane ikkje kjenner seg att i granskinga.

– Eg meiner hans rolle i denne klagesaka svekkjer truverdet hans. Og det svekkjer truverdet til rapporten, seier Helle.

– Det kan verka som om Helle har ein eigen agenda. Det er å svekka rapporten sitt truverd på vegner av oppdragsgjevaren sin, svarar Andersland.

Har avvist «befatning med sakene»

Det er barnevernssakene til tre familiar som er granska i den omfattande rapporten.

NRK har møtt firebarnsfar Edvin Bolstad som mista omsorga for tre av barna.

Dei to sønene hans har fortald korleis dei opplevde omsorgsovertakinga på 2000-talet.

Eit barnevernsbarn i ein annan familie takkar i dag barnevernet for at dei greip inn.

Advokat Helle har tidlegare stilt spørsmålsteikn ved Andersland sin gildskap som granskar.

I ein kronikk i Agenda 15. mai undra ho seg over at han som mangeårig fylkesnemndsleiar og sjef i Bufdir ikkje har hatt kjennskap til det han no omtalar som grove saker i Samnanger.

Som svar fekk ho at Andersland ikkje har hatt tilknyting til nokre av dei aktuelle sakene, men at hans tidlegare roller «muligens burde vært nevnt i rapporten».

No har advokaten søkt om innsyn i kven som fatta vedtak i sakene.

Ho meiner det er alvorleg at Andersland ikkje har opplyst om hans rolle som nemndleiar i ei sak som omfattar ein av dei involverte familiane.

– At han har gått inn i dette utan å gjere greie for sine forkunnskapar, og at han har tilknyting til saka, meiner eg svekker truverdet til granskinga og han sjølv, seier Helle.

Geir Kjell Andersland (V)
Foto: Sølve Rydland

Fatta aldri vedtak i saka

Andersland bekreftar at han var nemndsleiar i behandlinga av klagesaka som gjaldt det eldste barnet i søskenflokken på fire.

– Eg var jourhavande nemndsleiar den veka og fekk klaga frå mor over barnevernets akuttvedtak til behandling. Mor, ved sin advokat, trekte klaga under behandlinga av klaga utan grunngjeving. Saka blei dermed heva.

Dermed gjorde ikkje Andersland som nemndsleiar vurderinger i saka.

– Barnevernstenesta sitt akuttvedtak blei ståande. Eg hadde difor inga realitetsbehandling av saka, understrekar han.

Andersland kom over klagesaka frå 2011 då han gjekk gjennom barnevernssakene han og advokat Thea Totland i Barneadvokatene hadde fått i oppdrag å granska.

– Me diskuterte mi tilknyting til klagesaka og kom fram til at ho ikkje hadde noko tyding for granskinga me hadde teke på oss.

Men for å førebu deg har du vel lese saksdokumenta og sete deg inn i saka?

– Ja, det er riktig. Men dette var ei munnleg klagebehandling, med eit avgrensa tidsomfang.

Andersland viser til at det i ei klagesak er få dokument, sjeldan vitne og den einaste vurderinga er om situasjonen må vurderast som akutt.

– Dette er langt frå å «kjenna til saka», som heller ikkje er ferdig greia ut på dette tidspunktet. Dei saksforholda som granskingsrapporten omhandlar, har eg ikkje hatt noko tilknyting til eller kjennskap til før granskingsarbeidet, seier granskaren.

Kommunestyremøte i Samnanger. Demonstrantar utanfor

VEDTAK: Kommunestyret i Samnanger har på bakgrunn av den knallharde rapporten vedtatt å greia ut om det er grunnlag for å saksøka den tidlegare barnevernsleiaren. Også tingretten og fylkesnemnda skal vurderast. Her frå møtet i juni, der eit titals barnevernskritikarar hadde møtt opp utanfor møtelokalet.

– Ikkje gild som granskar

Advokat Helle stiller seg tvilande til at Andersland ikkje kjende til sakene.

– På spørsmål frå meg har han sagt at han aldri hadde tilknyting til desse sakene. Akuttvedtak er blant dei mest inngripande i barnevernssaker. Dei blir fatta ute i kommunane og fylkesnemnda si rolle i klagesaker blir dermed veldig sentral. Andersland har lese saksdokumenta og han kjenner denne familien. Det burde han opplyst om, meiner Helle.

Korleis påverkar dette truverdet til granskinga?

– Eg meiner han ikkje er gild som granskar. Han har sete som fylkesnemndsleiar i mange år, og har hatt meir kunnskap om barnevernstenesta i Samnanger enn det som kjem fram i rapporten.

– Den aktuelle klagesaka blir ikkje direkte omhandla i rapporten. Meiner du hans tilknyting til den likevel påverkar funna som Totland og Andersland kom fram til?

– Eg kan ikkje seia om det påverkar funna. Men det er eigna til å svekka tilliten til at han gjennomfører ei objektiv og upartisk granskinga at han har meir kunnskap enn det som kjem fram, meiner Helle.

– Seier du dette for å svekka rapporten og Andersland sitt truverd, slik han hevdar?

– Eg seier det fordi rettstryggleiken til dei blir granska skal varetakast. Ifølge Advokatforeningen sine retningslinjer for private granskingar inneber det mellom anna at dei som granskar skal gjera greie for habiliteten sin. Det har ikkje Totland og Andersland gjort, innvender Helle.

– Ville vore ryddigast å ta med

Andersland vedgår likevel at han burde ha opplyst om hans rolle som nemndleiar i ei av sakene.

– Eg er samd i at det ryddigaste ville vore å ha med ei linje eller fotnote i rapporten. Der burde det stått at eg så vidt hadde vore inne i saka under klagebehandlinga av akuttvedtaket i samband med det eldste barnet.

Andersland er overraska over Helle sin sterke kritikk.

– Det er ok at ho påtalar at eg for heilskapens del burde ha opplyst om mi tidlege og perifere handsaming. Men dette rørar ikkje ved min gildskap eller rapporten sitt truverd.

– Å gjera denne glippen til eit spørsmål om rapporten sitt truverd, blir rein formalisme. Akuttvedtaket som førte til klaga, og som så blei trekt, er ikkje noko tema i granskingsrapporten.

Samnanger-ordfører Knut Harald Frøland

OPPGITT: Ordførar Knut Harald Frøland var ikkje klar over at Andersland hadde fått ei av dei omtalte sakene til behandling. Han meiner likevel utspelet frå Helle er eit forsøk på å svekka rapporten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Reagerer på påstand

Andersland reagerer kraftig på Helle sin insinuasjon om at han har hatt inngåande kjennskap til saka.

– I motsetnad til Helle sit eg på sikker kunnskap. Eg kan roa henne med at eg ikkje kjende til eller hadde behandla nokre av dei sakene som er gjenstand for gransking i rapporten.

Andersland, som har bakgrunn som byråd i Bergen og statssekretær i Syse-regjeringa, understrekar at klaga som hamna på hans bord som jourhavande nemndsleiar blei trekt.

Ingen saksdokument blei difor vurderte og ingen vedtak blei fatta utover at han som fylkesnemndsleiar heva saka, poengterer han.

– I denne saka spelte difor fylkesnemnda inga sentral rolle, slik Helle synest å meina. Eg har ikkje tråkka over nokre habilitetsgrenser eller krenka nokon sin rettstryggleik, fastheld Andersland.

Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) kjende ikkje til at Andersland var involvert i den aktuelle klagesaka.

Her er langt på veg usamd med Helle i at den aktuelle saka gjer Andersland si rolle i granskinga uheldig.

– Eg er litt overraska og oppgitt over kva som no kjem. Eg mister ikkje nattesøvnen av dette.

Også han meiner kritikken mot Andersland er eit forsøk å svekka rapporten.

– Rapporten er eintydig på kor kritikken blir retta.

Artikkelen er oppdatert 24.07 kl. 16.00 med Andersland sine direkte kommentar til Helle sin påstand om at førstnemnde må ha hatt kjennskap til den aktuelle saka.