Hopp til innhold

Angrar på Terra-avtale

Bremanger-rådmannen er lei seg for Terra-bråket.

Tor Kristian Gulhaugen
Foto: NRK

- Eg angrar på at eg inngjekk samarbeid med Terra når ein ser kva konsekvensar dette kan få, seier Bremanger-rådmann, Tor-Kristian Gulhaugen som tidlegare i dag varsla sin avgang.

LES OGSÅ: Går av etter Terra-skandalen

- Ille

- Om meklarane viste kva dei holdt på med tykkjer eg dette er ille. Men eg kan ikkje forstå at dei viste kva dei gjorde, legg han til.

Gulhaugen avviser at han går av for å sleppe å få sparken frå kommunen han har jobba i over 30 år.

LES OGSÅ: Ordføraren skuldar på rådmannen

- Nei, då hadde eg nok gått av tidlegare. Det er ei hypotetisk spørsmål og eg vel å tru at eg ikkje hadde fått sparken, seier rådmannen.

Ynskjer ro

Bremanger kommune har truleg tapt rundt 90 millionar kroner etter Terra-skandalen. Gulhaugen er lei av merksemda rundt skandalen.

LES OGSÅ: Nådelaus kritikk mot Bremanger

- Eg er godt forsynt med Terra-saka og ynskjer å få ro etterkvart. Ei stadig gjentaking rundt dette er svært uheldig for kommunen. Ein må komme seg ut av dette på ein best mogleg måte, seier han.