Hopp til innhold

For ni månadar sidan sat Andreas (69) i rullestol - laurdag bestod han styrkeprøven

For ni månadar sidan sat Andreas Etterlid (69) i rullestol. Laurdag fullførde han for 20. gong sjufjellsturen i Førde.

Andreas Etterlid får beviset for at han har gått Sjufjellsturen 20. gongar.

BRAGD: Andreas Etterlid var sjølv usikker på om han ville klare å fullføre Sjufjellsturen etter hjerneinfarktet i fjor haust. Men det gjorde han.

Foto: Kjell Kleiven

Andreas Etterlid fekk i september i fjor hjerneinfarkt, og har gjennom vinteren hatt ein utfordrande kamp for å komme seg på beina att.

Laurdag var han eldstemann som både starta og fullførde den 14 timar lange turen til sju fjelltoppar som omkransar Førde. Turen er for mange blitt årets store styrkeprøve.

– Det gjekk eigentleg over all forventing. Det er balansen eg slit mest med, men fysisk var det ikkje det heilt store problemet, fortel 69-åringen.

Sat i rullestol

Sjufjellsturen har vore arrangert 20 gonger. Etterlid har gjennomført alle. Men at han også i år skulle legge bak seg den kring fire mil lange turen, var ikkje noko sjølvfølgje.

(Artikkelen held fram under biletet)

På toppen av Førdsnipa.

FULLFØRDE: Turleiar Kjell Kleiven (bak f.v.), Malin Engesæter (9), Andreas Etterlid (69) og Knut Nornes (13) på toppen av Førdsnipa.

Foto: Kjell Kleiven

Medan deltakarar i hopetal deltok på Førde Opp 1. september i fjor, låg turglade Etterlid på sjukehus med hjerneinfarkt. Sidan har han kjempa seg tilbake.

– Eg fekk god oppfølging på sjukehuset, og fekk raskt framgang. Rullestolen var eg ute av etter ei veke. Då vart det rullator og krykker, som eg kasta då eg kom heim, fortel Etterlid.

Var motivert

Den raske framgangen overraska både legane og han sjølv. Gjennom vinteren har han fått behandling hos fysioterapeut og sjølv lagt stein for stein både i langrennsløypa og langs vegane.

For Etterlid, som fyller 70 i haust, har hatt naturen som både mål og motivasjon gjennom ein krevjande vinter.

– Lysta til å komme meg ut att i naturen har vore der heile tida. Eg har alltid likt å trene og springe i fjellet, men det var ikkje så lett heile tida, seier han.

Ville ha 20. tur

Då snøen forsvann i vår, tok 69-åringen sine første fotturar i skog og mark. Deretter har det berre balla på seg, som det heiter.

(Artikkelen held fram under biletet)

På veg mot Fureviknipa

PÅ VEG: Her kjem deltakarane i samla tropp på veg mot Fureviknipa.

Foto: Kjell Kleiven

– Det er nok takka vere at eg var så aktiv, at framgangen har kome så fort. Då snøen forsvann i mars/april så skjønte eg at eg kanskje kunne klare sjufjellsturen, seier Etterlid han og forklarer:

– Eg har jo vore oppe toppane som enkeltturar, og var veldig spent på om det gjekk. Og så hadde det jo vore kjekt å ta den 20. turen, utan avbrot, smiler den tidlegare mekanikaren.

Liknar på hunden

– Kva er det som driv deg ut i skog og mark?

– Ja, sei det. Det er vel slik at når ein ser ein fjelltopp, så vil ein som regel opp. Eg er vel kanskje litt lik hunden min, «Tico». Den vil alltid opp på høgaste punktet for å sjå, ler han.

Etterlid er ikkje ukjend for krevjande turar. Birken har han gått ei rekkje gonger, han har alle Skåla Opp og er ofte på startstreken på Storehesten Opp.

Vurderer Storehesten

– Eg er allereie påmeldt til Skåla Opp i slutten av august, men no som eg klarte sjufjellsturen får eg vurdere om eg ikkje skal ta Storehesten til helga, gliser han.

Turleiar Kjell Kleiven er imponert over at Etterlid klarte å gjennomføre turen. Turen har ei samla høgde på nær 3.000 meter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjufjellsturen

SAMLA: Desse deltok på Sjufjellsturen laurdag.

Foto: Kjell Kleiven

– Når ein tenkjer tilbake på korleis han var for ei stund sidan, så er eg det. Det er ein veldig krevjande tur. Det er seigt og langt. Du går stort sett jamt heile dagen, berre avbrote av nokre korte pausar, seier Kleiven.

Leia for 10. gong

I helga leia han Sjufjellsturen for 10. gong. I tillegg har han gått den sju gonger. I år var 44 påmelde. Fem av måtte gje seg før siste toppen. Mali Engesæter (9) var yngste deltakar i år. Også ho fullførde.

Siste åra har over 50 delteke på den tradisjonsrike turen. I 2010 fullførde 45, noko som er rekord.

– Motivasjonen på slutten kan nok vere ei utfordring for mange, men så har du også dei som gjerne får gnagsår eller på annan måte kjenner at turen blir ei for stor belastning for kroppen, seier Kleiven.