Hopp til innhold

Får dobbelt overtidsbetalt for å redda heimetenesta i denne kommunen

Nokre dagar har halvparten av arbeidsstokken mangla. No har kommunen opna lommeboka på vidt gap for å sikra tenester til eldre.

Andrea Dagsland, Ann Helen Grønås og Sølvi Gjeraker. I heimetenesta i Stord kommune.

HØGT PRESS: Andrea Dagsland, Ann Helen Grønås og Sølvi Gjeraker trivst i jobben i heimesjukepleia. Men dei siste månadene har vore tøffe, seier dei.

Foto: Olav Røli / NRK

Heimetenesta i Stord kommune i Vestland har vore under sterkt press i mange månader.

Sjukdom, og mistanke om sjukdom, har gjort at mange tilsette har vore heime. Å unngå smitte til eldre og pleietrengande brukarar har vore særs viktig.

Andrea Dagsland, Ann Helen Grønås og Sølvi Gjeraker, har ein liten pause før dei skal ut på nye oppdrag i heimetenesta.

TRAVELT: Andrea Dagsland, Ann Helen Grønås og Sølvi Gjeraker fortel om travle dagar. Men no får dei solid betalt for ei ekstra vakt.

Foto: Olav Røli

I ein sesong med mykje forkjøling har dette ført til skyhøgt sjukefråvær.

– Me har vore oppe i eit sjukefråvær på mellom 30 og 40 prosent i periodar. Nokre dagar har det mangla opp mot fire av åtte på jobb, seier einingsleiar for heimebaserte tenester i Stord kommune, Gina Kittilsen til NRK.

Vikarar har heller ikkje vore enkelt å få tak i.

I eit informasjonsbrev til pårørande før jul innrømma kommunen at bemanningssituasjonen var så vanskeleg at dei bad dei ta eit ekstra ansvar for sine kjære.

Ifølgje VG har 159 norske kommunar denne veka meldt om omfattande problem med bemanning innan helse og omsorg som følgje av sjukdom og karantene.

Sykepleier jobbet 298 timer overtid på to måneder – tjente 324.500 kroner

Dobbelt overtidsløn

Men no har situasjonen vorte betre, i alle fall på Stord. Kommunen er nemleg ein av mange kommunar som lokalt har gått inn på avtale om utvida kompensasjon i samband med koronapandemien, som gjeld mellom KS og forbunda i LO, Unio, YS og Akademikerne.

Dette betyr blant anna 200 prosent overtid per time for ekstravakter, for dei som har full stilling frå før. Deltidsstilsette kan tena endå meir for å jobba ekstra.

Det var avisa Sunnhordland som først omtalte denne saka.

– Dette var på tide. Me har stått i ein tøff situasjon veldig lenge, utan at eg føler me har fått så mykje igjen for det, seier Ann Helen Grønås, fagarbeidar i heimetenesta.

Ann Helen Grønås, Fagarbeidar i heimetenesta på Stord.

MANGE OPPDRAG: Ann Helen Grønås har 18 oppdrag denne laurdagskvelden. Ho har ikkje samvit til å vera heime når det er så stort press på avdelinga, og tek no to ekstravakter.

Foto: Olav Røli / NRK

Direktør for arbeidsliv i KS, Tor Arne Gangsø skriv i ein SMS til NRK at dei ikkje har oversikt over kor mange kommunar som har gått inn i den sentrale avtalen.

Kan tena over 10.000 kroner på ei helg

NRK møter Grønås, Andrea Dagsland og Sølvi Gjeraker, i ein liten pause i kveldsskiftet i Leirvik sentrum laurdag kveld.

Grønås skal jobba 16 timar ekstra denne helga, der alle er på 200 prosent overtid.

– Eg anar faktisk ikkje kva det vil utgjera i kroner og øre. Men eg vil understreka at me ville ha jobba uansett. Eg hadde ikkje hatt samvit til å sitja heime medan andre var på jobb, seier Grønås.

Ikkje tid til kaffi

I utgangspunktet gjeld den utvida ordninga berre til 30. april. Og einingsleiaren innrømmer at dette ikkje er noko ein kan halda fram med i alle framtid.

– Å vera i heimetenesta har endra seg mykje frå eg starta i 1994. Då sat me gjerne å drakk kaffi med brukaren i ein halvtime. No er det langt meir komplekse oppgåver å løysa, og langt fleire å rekkja innom, seier ho, og legg til:

– Det vert jo aldri fullt i heimetenesta.

Sølvi Gjeraker (65) som har jobba i 31 år er samd i dette.

– Nei, kaffi vert det ikkje tid til no. Som du ser har me kaffien med oss, seier ho medan ho held i ein termokopp med kaffi.

Viktig avtale

Ralf Einar Johannessen i Fagforbundet Vestland seier til NRK at denne avtalen var viktig å få på plass.

– Pandemien har vore krevjande for veldig mange, men spesielt for mange i primærhelsetenesta når ein måtte vera heime med sjukdom og ein ikkje kunne få tak i vikarar. Difor er det bra at partane har klart å komme i hamn med ein avtale som sikrar gode tenester, seier han.