Hopp til innhold

André vart tatt med to jointar – straffa han fekk førte til at han rusa seg meir

Ny kunstutstilling fortel historiene til menneske som har fått livet øydelagt etter at dei vart straffa for narkotikabruk. – Det er mange som burde høyrd desse historiene, seier statsministeren.

André Nilsen

DELER SI HISTORIE: André Nilsen fortel under opninga av utstillinga at straff ikkje hjalp for at han skulle slutta å rusa seg.

Foto: Tove Lise Mossestad

André Nilsen var BI- student og hadde leiarjobb, men bak fasaden skjulte det seg problem med angst, depresjon og eit dårleg sjølvbilete.

– Eg brukte rus som ei form for sjølvmedisinering, seier Nilsen.

Andre Nilsen, styreleder i Normal

BOTNPUNKT: André Nilsen fortel han nådde eit botnpunkt i livet etter han vart arrestert for rusbruken.

Foto: Privat / NORMAL

Han hadde nettopp vore til eit behandlingsmøte i Skuteviken og var på veg til fastlege og psykolog, då han vart stoppa av politiet på den mykje omtalte Korskirkeallmenningen i Bergen.

Politiet mistenkte han for å ha selt eller kjøpt narkotika, som han ikkje hadde, men under ransakinga fann dei to cannabis-jointar i lomma hans.

– Eg hamna på glattcelle og medan eg venta på ei bot på 10.000 og gjekk glipp av både lege- og psykologtime, fortel Nilsen.

Pernille Sandberg

MODELLAR: Pernille Sandberg har brukt modellar i bileta sine og ynskjer å formidla kjensler som angst, einsemd og smerte.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Rusbruken vart verre

– Det stempelet eg fekk som kriminell av styresmaktene den dagen, gjorde at eg også følte meg som ein kriminell, og ikkje lenger hadde noko å tape. Så rusmisbruket mitt vart verre etter dette, seier Nilsen.

Nilsen er ikkje den einaste med ei slik historie.

I ei kunstutstilling kalla «Straff skader» har fotograf Pernille Sandberg visualisert historiene til unge menneske som fortel at dei har fått livet øydelagt etter dei vart straffa for rusbruken sin.

– Dette er noko av det vanskelegaste eg har jobba med. Det handlar om smerte, og rett og slett liv og død, fortel Sandberg.

Kunstutstillinga Straff skader

FOTOGRAFI: Utstillinga er ei samling fotografi av menneske i sårbare situasjonar.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Ynskjer ei rusreform

Tidlegare i år la regjeringa fram ei ny rusreform. Dei ynskja blant anna at rusmisbrukarar skulle få hjelp og ikkje straff, og at det skulle avkriminaliserast å ha narkotika til eige bruk.

Reforma vart både elska og hata.

Arbeidarpartiet frykta blant anna at ungdom lett kunne misforstå rusreforma og tenkje at narkotika vart legalisert når ein ikkje blir straffa.

Reforma vart til slutt stemt ned i Stortinget av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet.

Høgre meiner at ei rusreform som fjernar straff, men ikkje legaliserer, framleis er det beste for brukarane.

Statsminister Erna Solberg opna utstillinga i Grieghallen i Bergen på tysdag.

– Det er veldig mange som burde høyrd desse historiene for å forstå kor feil det er å bruke straff i dei samanhengane, seier statsministeren.

Straff Skader

TUNGE SKJEBNAR: Både André Nilsen og Pernille Sandberg håpar at utstillinga kan visa kor farleg straff kan vera for rusavhengige.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Kan redda liv

André Nilsen meiner dagens ruspolitikk kan ha store konsekvensar for menneske med rusproblematikk.

– Eg nådde eit botnpunkt etter eg var pågripen, og hugsar eg tenkte at styresmaktene kan ikkje bry seg mykje om sånne som oss, seier han.

Kunstutstillinga fortel blant anna historier om ein gut som tok livet sitt på grunn av skam for å ha blitt tatt, og ei ung jente som tok overdose etter å ha svalt for mange pillar då ho såg politiet.

– Mange har kome til meg og sagt at dei ikkje viste at det var sånn det var. At det var slik ein behandla rusavhengige. Dei har berre tatt litt for gitt at ein må straffe, fortel Nilsen.

Han trur rusreforma kunne ha vore redninga for mange.

– Me kan ikkje føra ein politikk som gjer vondt verre for dei som slit. Som gjer friske menneske sjuke. For med straff og stigma så risikerer me nettopp det, seier Nilsen.