Hopp til innhold

André Heggø frå Høyanger tok gull i sykkel-NM for juniorar

Det kjentes godt etter ein sesongstart med mykje motgang, fortel den unge syklisten.

Lagtempo junior-nm

RINGERIKE SK: Andrè Heggø og lagkameratane levde opp til favorittstempelet og tok gull på lagtempo under junior-NM i Stjørdal.

Foto: Magnus Eid / privat

Tidlegare har han sykla for Førde SK, men no er det Ringerike SK som er laget til 17-åringen frå Høyanger.

– Det var eit ganske hardt løp. Løypa var 43 kilometer, og det var ganske surt vêr. Det bles mykje, og eg sleit meg gjennom. Det var ganske tungt, fortel Heggø om løpet som likevel enda i siger i lagtempo tysdag kveld.

Noregsmeisterskapen for juniorar går føre seg i Stjørdal i Trøndelag.

Hard sesong

Syklisten frå Høyanger vart teken ut på juniorlandslaget for syklistar i mars. Men etter uttaket har sjukdom sett stoppar for utviklinga.

– Så langt i sesongen har det ikkje gått så bra. Eg har vore ein del sju. Så det har vore ein del motgang i starten av sesongen etter uttaket. Så det var godt å få den medaljen, seier Heggø.

Medaljen vann han saman med resten av laget. Torsdag ventar løpet i individuell tempo, og ambisjonane er ikkje lågare der.

– Det har vore eit mål heile sesongen. Eg siktar mest mot det. No vil eg berre køyre bra, slik at eg kjem inn i varmen på landslaget igjen, seier han.

Toppen av pallen i sykkel-nm

RINGERIKE SK: André Heggø i midten, saman med lagkameratane Andreas Leknessund og Søren Wærenskiold. Dei er også skulekameratar på toppidrettsgymnaset.

Foto: Magnus Eid / Privat

Noregscup neste

Det neste målet for Heggø er å gjere det godt i Norgescupen i sykling. Om to veker startar sykkelrittet Tour de Hallingdal.

Rittet passar han godt, fortel Heggø.

– Det er mykje bakkar, og det passar meg godt. Så der har eg håp om å gjere det bra.