Hopp til innhold

Andre bilbrann på to dagar i Førde

Natt til laurdag brann tre bilar ved Hornnes i Førde. Natt til sundag starta nok ein stor bilbrann, denne gongen ved Skaratunet i Førde.

Bilbrann i Førde i april 2014

TOTALSKADD: Ein av mange totalskadde bilar etter brannen i Førde natt til sundag.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Rundt klokka 14.30 i ettermiddag fortel lensmann i Fjaler, Åge Løseth, at politiet etterforskar for fullt utover ettermiddagen.

– Vi har rundspørringar av folk i nabolaga, vi avhøyrer folk, og vi driv med tekniske undersøkingar. Etterforskinga vil fortsetje utover ettermiddagen og kvelden, seier Løseth.

– Vi etterforskar breitt og vil halde fram med det. Det er førebels ikkje noko nytt om årsak eller samanheng mellom brannane, seier han.

Totalskadde bilar

Brannen natt til sundag gjorde store skader.

– Fire bilar er totalsskadde. Men talet kan vere endå høgare. Mellom åtte og ti bilar er råka, seier operasjonsleiar hjå politiet, Wenche Hope, til NRK.no

Politiet fekk melding om brannen klokka 02.45. Brann, helse og politi rykka ut, og bilbåsen der mange bilar stod var overtent då hjelpemannskapa kom til staden.

Ingen personar eller bustadhus kom til skade i brannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Førde

STORE ØYDELEGGINGAR: Mange vakna sundag opp til at bilane deira var øydelagde av brannen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Vil ha tak i folk som var i området

Politiet kan enno ikkje seie noko om årsaka til brannane.

– Vi har ikkje opplysningar no som tilseier at brannane er påsette. Vi har heller ikkje opplysningar om det motsette. Vi veit ikkje kva som gjorde at brannane starta, og kan ikkje sei noko om det no. Det skal etterforskinga vise, seier Hope.

– Det er viktig å finne brannårsaka. Viktig å finne at kva som gjer at desse bilane brenn. Slik at ein kan hindre nye brannar, seier ho.

– Er det nærliggande å tru at dei er påsette når det skjer to dagar på rad?

– Eg kan ikkje tru, vi må vite gjennom ei etterforsking. Vi veit førebels ikkje brannårsaka.

No oppfordrar politiet folk som har vore i området ved Skaratunet i natt om å ta kontakt.

– Vi ønsker å få kontakt med folk som har vore der, både før og etter branntidspunktet, seier Hope.

– Det er veldig viktig at vi kjem i kontakt med folk som har vore i området både før og etter brannen. Det gjeld også folk som har sett personar i området, sjølv om dei ikkje veit kven personane er.

Etterforskinga vil fortsetje sundag

Saka vert vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

– Politiet har gjort det som kunne gjerast i natt med den varmen som var der, seier operasjonsleiar Hope.

Undersøkingane på brannstaden vil fortsetje sundag.

– Vi har teke inn tre bilar til vidare undersøkingar. Etterforskinga vil fortsetje i dag, seier ho.

Bilar i brann i Skaratunet (Vieåsen) i Førde, april 2014

SKADAR: Også bilar som stod i ein bilbås i nærleiken av dei intense flammane vart skada.

Foto: Eirik Hildal / NRK