Hopp til innhold

Anders får ikkje erstatning fordi skaden ikkje var «ekstraordinær» nok

Villbekkar øydela grusvegen opp til garden, men Landbruksdirektoratet vil likevel ikkje betale for å reparere han.

Anders Gavle

FORTVILA: Anders Gavle har klaga på vedtaket frå Landbruksdirektoratet.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

I februar i fjor gjekk det frå sprengkulde til fleire plussgrader og mykje nedbør, som gjorde at 250 meter av vegen til Anders Gavle vart riven vekk.

Gavle la ut for reparasjonen, men då han søkte Landbruksdirektoratet om erstatning fekk han avslag. Grunngjevinga var at skadane ikkje var «ekstraordinære».

Det var Bondebladet som først omtalte saka.

Tjødnadalen
Øydelagt veg

Vegen opp til Tjødnadalen i februar 2021 og januar 2022

Anders Gavle / Lidvard Sandven

– Heilt avhengig av vegen

Gavle har klaga på vedtaket, og seier at garden ikkje hadde gått rundt utan vegen.

Den 1,3 kilometer lange vegen frå riksvegen og opp til garden har stått sidan 2001.

– Me er heilt avhengig av vegen. Me driv med sau, og me må ha vegen når me køyrer dei til fjells. Me er avhengige av septiktømming. Me er avhengig av at slaktaren kjem seg opp. Og kona er avhengig av vegen for å koma seg til jobb, ramsar han opp.

I tillegg til å ha 200 sauer, driv han selskapslokale, og produserer pinnekjøt, karbonadar og spekemat.

Tjødnadalen Gard

GARD: Tjødnadalen Gard, Ullensvang.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Meiner avslaget er for strengt

Nils T. Bjørke er stortingsrepresentant for Senterpartiet. Han seier til NRK at vedtaket til Landbruksdirektoratet «er urimeleg».

– Dette er bønder som har satsa og fått til noko. Då er det viktig at me har eit regelverk som gjer at dei kan sjå konkret på kvar enkelt sak.

Han legg til:

– Viss det ikkje er mogleg innanfor dagens regelverk, må me gjera endringar. Men i første omgang meiner eg det må vera mogleg å visa fleksibilitet.

– Ei svært viktig ordning

Aina Bratlie er fagsjef i Noregs Bondelag. Ho meiner avslaget er for strengt, og viser til at det gjerne er bygningar, liv og helse som vert prioritert. Ikkje vegar og jordbruksareal.

– Naturskadeerstatning er viktig, det er der bønder kan få erstatning når noko skjer, seier ho.

Nils T. Bjørke (SP) i Stortinget i forbindelse med utnevnelse av fiskeridirektør
Foto: Terje Pedersen / NTB

STRENGT: Nils T. Bjørke (Sp) sit i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget og meiner regelverket bør visa fleksibilitet eller endrast.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ingen definisjon på naturulukke

Landbruksdirektoratet kan ikkje kommentera enkeltsaker som er under handsaming, men seksjonssjef i direktoratet, Kai Terje Dretvik, seier til NRK at eit vilkår for erstatning er at naturulukka er «ein direkte årsak til øydelegginga».

Lovverket inneheld ingen definisjon på naturulukke. Det er likevel visse vilkår som seier kva Landbruksdirektoratet skal sjå etter når dei tek imot søknadar.

– Du kan søka om erstatning når du har hatt ei betydeleg naturulukke, og har lidd eit tap på grunn av det, seier Dretvik.

Loven som er grunnlaget for direktoratet si handsaming, vart vedteke under Solberg-regjeringa i 2017.