Hopp til innhold

Departementet stadfester: AMK-sentralane kan bli flytta

AMK-sentralane for 113-naudnummeret kan bli med på flyttelasset til dei nye, store politidistrikta.

AMK-sentralen i Helse Førde

SNART HISTORIE? AMK-sentralar, som denne kan i framtida bli samlokaliserte med politiet. Helse Førde sin splitter nye sentral (biletet) kan hamne i Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Hans J. Røsjorde

EIT KLART MÅL: Statssekretær Hans J. Røsjorde meiner det optimale er å ha alle naudetatane samla på same stad.

Foto: Eirik Hildal

– Det er eit klart ønske å få det til, stadfester statssekretær Hans J. Røsjorde (Frp): i Justis- og beredskapsdepartementet.

Politiet skal riggast for AMK

I dag finst det 16 Akuttmedisinske kommunikasjonssentralar (AMK) rundt om i Norge. Sentralane er drivne av helseføretaka, som regel i tilknyting til eitt av dei større sjukehusa.

I politireforma regjeringa la fram førre veke, der ein går frå 27 til 12 politidistrikt, står det med klartekst at politiet sine operasjonssentralane skal klargjerast slik at dei også kan inkludere AMK:

«Dei nye sentralane skal bli klargjort slik at helsevesenet sine AMK-sentralar kan bli plassert på same stad»

Politi + brann + helse?

Ambulanse

STYRER AMBULANSANE: AMK-sentralarane har som oppgåve å svare på alle 113-naudanrop og er dei som held styringa med ambulansane i sitt distrikt.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Når du ringer 113 i dag kjem du til ein AMK-sentral med lokal kunnskap om området du er i. I framtida kan denne vere flytta saman med politi og brann i større einingar.

Får justisdepartementet det slik dei vil, vil brann, politi og AMK bli ein sentral. Då vil til dømes Sogn og Fjordane og Hordaland få ein felles sentral for alle dei tre naudetatane.

– For å få best mogleg effekt er det viktig at dei i enno større grad enn i dag jobbar saman, lærer av kvarandre, og trekkjer fordelar av fellesskapet, seier Røsjorde til NRK.

Regjeringa sitt forlag til politireform skal handsamast i Stortinget til våren, og det er truleg at det får fleirtal.

Venstre: – Det står ikkje «skal»

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

– IKKJE MED DET FØRSTE: Venstres Sveinung Rotevatn tolkar ikkje teksten om AMK i politireforma som tvang.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Men ikkje alle i regjeringskoalisjonen oppfattar situasjonen om AMK slik Røsjorde gjer.
Venstre sin Sveinung Rotevatn seier det ikkje vil skje flytting av sentralar med det første

– Eg synest det er overraskande at nokon oppfattar dette som ei tydeleg føring. Dersom det stod at det «skal» gjerast samlokalisering, eller «bør» gjerast, så kunne eg forstått det. Men når det står at det «kan» gjerast samlokalisering, så er det ikkje ei klar føring. Det er ei moglegheit som ligg der, påpeiker Rotevatn som likevel vedgår at ein opnar for samarbeid.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Prehospitalt bygg, Helse Førde

NYBYGG TIL 166 MILLIONAR: Dette bygget som husar AMK, luftambulanse og bilambulansane ved Førde sentralsjukehus stod klart hausten 2014. Det var då omtala som malen for framtidas akuttilbod i helsevesenet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Navarsete: – Kastar vekk fleire hundre millionar

I Sogn og Fjordane opna Helse Førde nytt prehospitalt bygg (sjå video) i tilknyting til Førde sentralsjukehus så seint som i fjor haust. Med ein prislapp på 166 millionar kroner inneheld bygget AMK-sentral, luftambulansebase og ambulansestasjon for fire kommunar.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner landets 19 AMK-sentralar må halde fram som i dag, for å sikre lokalkunnskapen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Bygget vart då sett på som ei nyvinning andre helseføretak kom for å sjå, som ein mal for framtidas akutthelseteneste. No kan deler av investeringa i verste fall vise seg å vere bortkasta, fryktar stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp)

– Eg synest dei skal vere ærlege. Ikkje berre kastar ein vekk fleire hundre millionar kroner som ein har brukt på investeringar, det er tenestene til folk og nærleiken til desse tenestene det handlar om, seier Navarsete.