Det viser forskingsresultata til ein omfattande studie ved Vestlandsforsking.
Av ti større naturskadehendingar på Vestlandet dei siste ti åra, kunne sju til åtte vore unngått, slår forskarane fast.
– Vi konkluderte med at dei i dei fleste skadesituasjonane så var det ein kjent problematikk knytt til naturfare då området vart planlagt og utbygd, seier klimaforskar Halvor Dannevig.
Flaum, skred og stormflo
Sørpeskredet i Tuftadalen i Balestrand i 2011, flaumskreda på Voss og i Stryn under ekstremvêret «Loke» i 2005 og stormfloa i Eid sentrum under orkanen «Dagmar» i 2011 er mellom hendingane forskarane har sett nærare på.
NYE PLANAR: Kristine Dahl og Cecilie Åshamar studerer den nye kommuneplanen til Eid kommune.
Foto: Sogn og Fjordane / NRK- Les også: Alt om oktoberflaumen 2014
Dannevig meiner hendingar kunne vore avverja om ein hadde teke omsyn til tidlegare hendingar på staden det gjeld og lytta til lokal kunnskap.
SØRPESKRED: To personar omkom då eit sørpeskred tok med seg eit hus i Tuftadalen i 2011.
Foto: Arve Uglum / NRK– Ja, dersom ein då hadde late vere å bygge ut i det området, eller sikra det mot naturfaren, så kunne ein ha unngått ganske mange av desse hendingane, seier klimaforskaren.
Forskaren påpeikar at dagens lovverk og krava i risiko- og sårbarheitsananlysar kunne ha fanga opp desse naturfaresituasjonane. Særleg bidreg innskjerpingane plan- og byggingslova til dette.
Må ta lærdom
DAGMAR: Eid vart sentrum vart meir eller mindre lagt under vatn då orkanen «Dagmar» herja på Vestlandet i 2011.
Foto: NRK/Heidi Lise BakkeUnder Dagmar slo stormfloa innover sentrum av Eid og gjorde stor skade. Denne hendinga er ei av dei forskarane meiner kunne vore unngått.
– Det må vi ta med oss og ta lærdom av. Det vi må bli gode på framover er å kartlegge risikoar og lage tiltaksplanar for å kunne førebyggje slike hendingar, seier plan- og utviklingssjef Kristine Dahl i Eid kommune.
Dahl og kollegaene er nett ferdige med å rullere kommuneplanen. Ein del har endra seg sidan sist det vart gjort.
– Klima, klimatilpassing, førebygging og krav til utgreiing har vore ein vesentleg del av arbeidet, påpeikar Dahl.
Dei nye planane har mellom anna skredsonekart og omtalar stormflo spesielt.
Bør bruke naboar
I dag skal alle kommunar kartlegge risikoen for naturhendingar gjennom såkalla sårbarheitsanalysar. Dannevig meiner lokalkunnskapen spelar ei viktig rolle i å kunne førebygge naturskadar.
2005: Av hendingane forskarane såg på, var berre jordskredet på Hatlestad Terasse i Bergen umogeleg å unngå. Skredet skadde 19 hus og kravde tre menneskeliv.
Foto: Heiko Junge / Scanpix– Ein er avhengig av å kombinere den lokale kunnskapen med den kunnskapen som kjem frå aktørar som NVE, som lagar flaum- og skredsonekart, seier han.
På kommunehuset på Eid har ein dei siste åra har begynt å jobbe på ein annan måte enn tidlegare.
– Vi har hatt folkemøte, oppmoda innbyggjarane om å kome med innspel og vi har vore ute i bygdene. Eg trur at innbyggjarane sine krav om å få medverke i arbeidet med nye planar, gjer at vi sit att med ein annan type resultat enn tidlegare, seier Dahl.