Hopp til innhold

Alvorleg valdshending i Sveio – kvinne pågripen

Ei kvinne er sikta og ein mann er skadd etter ei alvorleg valdshending i natt.

Politiet fekk melding om ei alvorleg valdshending på ei privatadresse i Sveio klokka 02.08 natt til laurdag. Det var eit vitne som var i området som melde frå til politiet.

Ein mann i 30-åra skal vera påført skadar ved bruk av kniv eller ein anna skarp gjenstand.

– Politiet rykte ut til staden og arresterte ei kvinne i 30-åra, opplyser politiadvokat Erik Engløkk i Sør-Vest politidistrikt. Kvinna er sikta for grov kroppsskade. Ambulanse skal òg ha rykt ut til staden.

Kvinna har fått oppnemnd forsvarar.

– Det er for tidleg å ta stilling til varetektsfengsling. Det vil tidlegast skje på måndag, seier Engløkk.

Den sikta har vore i avhøyr

Den fornærma er innlagt på sjukehus og politiet vil freista å avhøyra han i løpet av dagen. Engløkk har ikkje detaljert informasjon om skadeomfanget.

– Men han er i ein slik tilstand at det skal gå fint å avhøyra han.

Det er ein relasjon mellom dei involverte, som begge skal vera av utanlandsk opphav.

Utover dagen vil politiet undersøka åstaden med krimteknisk personell.

– Det vil bli gjennomført avhøyr av aktuelle vitne, og me vil forsøka å avhøyra sikta, sa Engløkk ved 11-tida.

– Førebels er det vanskeleg å seia kva som har skjedd her.

Dei involverte skal ikkje vera kjende for politiet frå før.

NRK har vore i kontakt med forsvararen til kvinna, Elisabeth Rød. Ved 15.30-tida stadfestar ho at den sikta kvinna har vore i avhøyr.

Elisabeth Rød

Advokat Elisabeth Rød.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Eg har hatt ein kort samtale med min klient og vore med i eit innleiande avhøyr, seier Rød. Ho fortel at det skal gjennomførast nye avhøyr søndag, og har ikkje fleire kommentarar på noverande tidspunkt.