Hopp til innhold

Mann i 30-åra omkom i ulukke på E16

Ein mann i midten av 30-åra omkom etter at semitrailer og personbil kolliderte på E16 i Flåm i ettermiddag.

Trafikkulukke i Flåm

ALVORLEG: Føraren av semitraileren kom uskadd frå ulukka.

Foto: ARNE VEUM / Aurlendingen

Mannen er i midten av 30- åra og høyrer til på Vestlandet.

Ulukka vart meldt til politiet klokka 14.06 onsdag.

Klokka 16.45 meldte politiet i ei pressemelding at føraren av personbilen omkom i ulukka.

– Politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er ferdig med sine undersøkingar. Politiet opprettar sak, fortel Stine Mjelde, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet har gjort avhøyr av vitne og sjåføren i lastebilen.

– Vi finn per nå ikkje grunnlag for å ta beslag i førarkortet til lastebilsjåføren. Han er følgt opp av helsevesenet og dimittert, seier Mjelde.

Begge køyretøya blir beslaglagt for vidare undersøkingar.

Det var lenge manuell dirigering på staden, men no er det opna for fri ferdsel på E16.

Brannvesenet var dei første av naudetatane på staden og det vart tidleg omtala som ei alvorleg ulukke.

E16 i Aurland kommune er ein av hovudvegane mellom Bergen og Oslo.