Alvorleg ulukke: Involverte i personbilen er ikkje henta ut
Ulukka inne i Stavenestunnelen er karakterisert som alvorleg, seier politiets operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.
Tankbilen og personbilen står framleis i tunnelen, medan alle andre køyretøy er ute av tunnelen.
På grunn av faren for etsande væske frå tankbilen, er det førebels berre brannvesenet som har tatt seg inn i tunnelen.
Tankbilsjåføren kom seg ut av tunnelen på eiga hand.
Politiet kan førebels ikkje seia med sikkerheit kor mange som er i personbilen, eller tilstanden til involverte, seier Hausvik til NRK.
Melding om ulukka km litt før klokka 18.30.