Hopp til innhold

Dødsulukke på E16: Mann i 40-åra omkom i kollisjon mellom personbil og tankbil med etsande væske

Ein tankbil kolliderte med ein personbil inne i tunnelen mellom Bergen og Voss. Ein mann i 40-åra i personbilen er omkomen.

Ulukke i Stavenestunnelen

ALVORLEG ULUKKE: Den involverte tankbilen inneheld etsande væske. Både tankbilen og personbilen står inne i Stavenestunnelen på E16.

Foto: Richard Halland / Bergen Foto og Media

Ein tankbil og ein personbil er innblanda i ei møteulukke om lag midt inne i Stavenestunnelen på E16 i Vaksdal kommune. Store styrkar frå alle naudetatar er på staden. Melding om ulukka kom like før klokka 18.30.

Tankbilen inneheld etsande væske som lek ut.

– Ulukka vart allereie klokka 19 karakterisert som alvorleg.

Politiets operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt opplyste at tankbilen og personbilen framleis stod i tunnelen, medan alle andre køyretøy var ute av tunnelen.

På grunn av faren for etsande væske frå tankbilen, er det førebels berre brannvesenet som har tatt seg inn i tunnelen. Klokka 19.20 vart det opplyst at det er snakk om ei svakt etsande væske som ikkje utgjer fare for andre.

Politiets innsatsleiar Frank Listøl. Alvorleg ulukke i tunnel på E16

Politiets innsatsleiar Frank Liestøl opplyste klokka 20.20 at éin person omkom i ulukka.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Tankbilsjåføren kom seg ut av tunnelen på eiga hand.

Trailersjåfør lettare skadd

Politiets innsatsleiar på staden, Frank Listøl, seier klokka 20.20 til NRK at ein mann i 40-åra i personbilen omkom i ulukka, og at dei pårørande er varsla.

Trailersjåføren blei lettare skadd og køyrd til Haukeland universitetssjukehus. Den omkomne var åleine i personbilen. Det er derfor ingen andre involverte inne i tunnelen.

Brannfolk med verneutstyr har vore inne på ulukkesstaden og tatt bilete.

– Det er lekkasje på den fremste tanken på traileren, og renn væske ut i vegen. Planen er no å stansa lekkasjen. Men me må ha ein plan for å ta opp denne væska, seier Listøl.

e16 ulykke

Køar etter ulukka på E16 måndag kveld.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Stengd utover morgondagen

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar frå politiet er på staden og gjer undersøkingar. Listøl seier etterforskinga og arbeidet med lekkasjen med vil ta tid, og at E16 i alle fall blir stengd i natt og truleg utover tysdag.

Omkøyring er via Hardanger Fv 49 og Fv 79.

Også Vy sitt buss-for-tog-tilbod mellom Bergen og Voss må dermed køyre ein omveg på over 2,5 timar, opplyser Vy.

Listøl seier det er snakk om ei væske som ikkje er veldig farleg, som blir brukt i samband med reinsing av vatn. Den skal ikkje vera høgpotent eller eksplosjonsfarleg, men kan etse på hud eller auge. Og det er framleis ikkje avklart om væska kan begynna å brenna.