Hopp til innhold

Rullestolen til Ingebjørg (80) velta bakover under taxitur: – Eg skreik og skreik

To gonger enda ho opp på sjukehus etter tur med Christiania Taxi. Selskapet har fått 126 klager sidan dei starta pasienttransport i bygda i fjor.

Ingebjørg Lirhus

HJERNERISTING: Ingebjørg fekk truleg hjerneristing etter ein kraftig kakk i bakhovudet etter at rullestolen losna og velta bakover medan minibussen var i fart.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I april datt Lirhus ut av inngangspartiet til den høge minibussen då beina svikta.

– Det var veldig vanskeleg å komme seg inn i bussen. Sjåføren mista taket på meg då han skulle hjelpe meg inn.

Ankelen og kneet hovna opp, og ho fekk blåmerke på halebeinet. Etter to veker vart smertene i kneet verre, og ho enda på sjukehus i fire dagar.

Så, i juni tok ho taxi for å ta ei blodprøve. Då losna rullestolen og velta bakover medan minibussen var i fart.

– Eg visste ikkje ordet av det før eg fall bakover. Eg fekk ein kraftig kakk i bakhovudet og trur eg svima av eit par minutt. Eg skreik og skreik, men det tok tid før sjåføren høyrde meg og hjelpte meg opp.

Ingebjørg Lirhus og dottera Anita Brekke

RULLESTOL VELTA: Ingebjørg Lirhus (80) havna to gonger på sjukehus etter dramatiske hendingar under pasientreise med Christiania Taxi på Voss.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho fekk truleg hjerneristing, og det blei nytt sjukehusopphald. Ho og dottera Anita Brekke meiner rullestolen ikkje kan ha vore forsvarleg sikra.

– Eg skal aldri meir reise med Christiania Taxi, seier Lirhus.

Dottera meiner det har gått utover pasienttryggleiken at Helse Bergen har godtatt det billigaste anbodet for pasientreiser.

– Helseføretaket har latt økonomien styre. Kva selskap er Christiania Taxi, og kva opplæring gir dei sjåførane sine? Vi har mange spørsmål, seier Brekke.

Klagestorm

Det har kome totalt 126 klager etter at Christiania Taxi overtok pasienttransporten i Voss herad februar i fjor. Til samanlikning hadde Voss Taxi null klager i løpet av året før, då dei hadde ansvar for pasienttransporten.

Dei alvorlegaste klagene kom frå Lirhus og ein annan eldre pasient.

For Ellen Marie Midttun (92) har også hatt ei svært alvorleg erfaring med taxiselskapet.

Avisa Hordaland har i fleire artiklar fortald om dei to kvinnene sine dramatiske turar med Christiania Taxi.

Måtte sitte på golvet

Ellen Marie Midttun (92) skulle for to veker sidan til fysioterapitime då ein minibuss som ikkje var tilrettelagd kom for å hente henne.

– Då var eg fortvila. Eg har proteser i skulder, hofte og kne, og dårleg balanse, så eg hadde ikkje lyst å ta sjansen på å gå inn i den gamle bussen.

– Det var ikkje handtak mellom døra og seta i bussen, og mor kan ikkje løftast på grunn av protesene, seier dottera Marta Midttun.

Fysioterapeuten hadde rekvirert ein vanleg personbil. Men det var ikkje tid til å vente på ny taxi. Løysinga vart at mor og dotter sette seg usikra på golvet rett innanfor døropninga i minibussen.

Ellen Marie Midttun

USIKRA: Pasient Ellen Marie Midttun (92) måtte sitte på golvet fordi Christiania Taxi sendte feil bil og ho ikkje klarte å komme opp i setet.

Foto: Privat

– Vi klarte så vidt å løfte beina hennar akkurat innanfor døra, fortel dottera.

– Mor meinte eg kunne finne meg i eit sete med belte, men eg kunne ikkje sitte og sjå på at ho sat åleine og usikra der nede.

Ellen Marie Midttun og taxisjåfør Roble Ali

NØGD I DAG: På veg til fysioterapi to veker etter den dårlege opplevinga får Ellen Marie Midttun riktig bil og god hjelp av sjåfør Roble Ali i Christiania Taxi.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det var heller ingen lause puter i bussen, så eg sat rett på golvet. Marte hadde akkurat henta ein pakke på Posten, så den fekk eg bak ryggen, seier 92-åringen.

Beklagar

Selskapet beklagar ulempene og påkjenningane for kundane. Dagleg leiar Hasnat Ahmad understrekar at tryggleiken er sjåføren sitt ansvar. To sjåførar på Voss er no tatt ut av teneste.

Daniel Velle er driftsleiar for Christiania Taxi i Bergen og Voss.

– Det er vi som selskap som har ansvar for at vi sende feil type bil til 92-åringen, men då skulle sjåføren ha gitt beskjed så vi kunne komme med ein annan bil. På dei to turane for 80-åringen sende vi derimot riktig bil.

Daniel Velle, Christiania Taxi Bergen og Voss

BEKLAGAR: Det er sjåførane som har ansvar for tryggleiken til pasientane, seier driftsansvarleg Daniel Velle i Christiania Taxi Bergen og Voss.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Velle slår uansett fast at tryggleiken for passasjerane er sjåføren sitt ansvar. Han seier at rullestolen til Lirhus i følge sjåføren var korrekt sikra, men at selskapet ikkje har hatt høve til å kontrollere det.

Det var same sjåfør som køyrde ved alle dei tre hendingane, og vedkommande er no suspendert. NRK har prøvd å få kontakt med sjåføren, men ifølgje taxiselskapet vil han ikkje uttale seg.

Velle avviser at selskapet har levert eit så lågt anbod at det går ut over pasienttryggleiken.

– Alle får god opplæring før dei køyrer for oss. Vi som selskap har ansvar for opplæring av sjåførane og å sende riktig type bil til oppdraga.

Seier ikkje opp avtalen

Helse Bergen varslar ikkje at det er aktuelt å avslutte kontrakten med Christiania Taxi.

– Vi har ein avtale og kontrakt med Christiania Taxi på Voss, og vi har eit felles mål med dei om å levere best mulig tenester for pasientane våre.

Det seier avdelingsleiar Ann-Mari Høiland i avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

Ho viser til at det er avdeling for sjukehusinnkjøp i Helse Bergen som har inngått kontrakten om pasienttransport.

– Det har vore nokre heilt uakseptable hendingar den siste tida. Dei har vi tatt tak i. Det er veldig beklageleg når slike grove avvik skjer. Det er vi veldig leie oss for.

Ann-Mari Høiland, avdelingsleiar for pasientreiser i Helse Bergen

UHALDBART: Hendingane er uhaldbare og grove avvik, seier avdelingsleiar Ann-Mari Høiland i Helse Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Helseministeren: – Betring

Stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) ba i Stortinget nyleg helseminister Bent Høie (H) sørge for at Helse Bergen seier opp avtalen med Christiania Taxi. Men i svaret sitt kommenterte heller ikkje han dette.

Statsråden skriv:

«Det var en negativ utvikling innen uønskede hendelser på Voss etter sommeren i fjor. Det ble da satt i verk en forbedringsprosess med enda tettere oppfølging av leverandør. Etter nyttår har situasjonen bedret seg.»

Han skriv at dei fleste klagene gjeld lang ventetid og kompetansen til sjåførane.

«Samlet sett har Christiania Taxi i år levert innenfor forventningene til Helse Bergen på leveringstid, selv om det oppstår enkelte avvik.»

– Hyggelege sjåførar

Dei råka familiane på Voss er meir kritiske til selskapet enn til sjåførane.

– Alle sjåførane er veldig hyggelege og snille. Også han som kom med feil bil. Han ville hjelpe henne og gjere det beste ut av situasjonen.

Det seier Marta Midttun.

– Eg og mor mi er veldig lei oss for at Christiania Taxi seier opp sjåførar. Det er ikkje sjåføren det er gale med, men sentralen som sender feil bil.

Ingebjørg Lirhus og dottera Anita Brekke

KRITISK: Anita Brekke er kritisk til at Christiania Taxi får halde fram med pasienttransport for Helse Bergen, etter at mora vart skadd på to ulike turar med selskapet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det vi har opplevd er jo langt frå den einaste hendinga. Kva tid skal dei vakna opp? Det er for enkelt å beklage hendingar gong etter gong, og så berre halde fram med avtalen, meiner Brekke.