Hopp til innhold

Alvorleg trafikkulykke i Fjaler

To motorsyklar har vore involverte i ei alvorleg trafikkulykke ved Nistadlia på fylkesveg 57 i Fjaler utanfor Førde. Ulukkesgruppa og krimteknikarar er kalla ut.

Ulukke Fjaler / Scanpix

Naudetatane rykka ut til ulukka som blei meld klokka 20.18.

Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal / Firdd / NTB / Cecilie Brendehaug Rysjedal / Firda

Tysdag kveld fekk politiet varsling om at to motorsyklistar hadde køyrt ut av vegen ved Nistadlia i Fjaler. Alle naudetatane rykte ut til staden. Tilstanden til dei involverte skal vere alvorleg.

Politiet har vore på staden med krimteknikarar, og dei har hatt bistand frå ulukkesgruppa til Vegvesenet.

Klokka 02.14 melder Statens vegvesen at vegen forbi ulukkesstaden er opna igjen.

Sendt til sjukehus

Det var klokka 20.18 at politiet fekk meldingar om ulukka i Fjaler. Fleire motorsyklar skal ha køyrt i følge då to av dei køyrde ut av vegen. Operasjonsleiar Dag Olav Sæter fortel at begge førarane var komne til skade.

– Eg kan ikkje seie så mykje anna enn at det er ei alvorleg ulukke. Den eine føraren er no send til sjukehuset i Førde i ambulanse, medan den andre føraren er flydd til Haukeland i luftambulanse, seier han.

Uklar årsak

Sæter seier at det er enno uklart kva som er årsaka til ulukka, men at undersøkingar vert gjort på staden.

– Politiet er der no og snakkar med vitne. Me har også varsla ulukkesgruppa til Statens vegvesen og det vert jobba med å dokumentere ulukkesstaden, og me forsøker å danne eit bilete av kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Sæter.

Politiet vil ikkje gå ut med nokre opplysningar om kven dei involverte i ulukka er i natt.