Hopp til innhold

Alvorleg skadd i trafikkulukke

Ei 58 år gamal kvinne vart i kveld alvorleg skadde i ei trafikkulukke ved Kollsete på riksveg fem i Sogndal. Kvinna vart måndag kveld overført til Haukeland universitetssjukehus, opplyser Helse Førde. Ein 62 år gamal mann er lagt inn på Sentralsjukehuset i Førde med lettare skadar.