Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter trafikkulukke

Ei 87 år gammal kvinne er alvorleg skadd etter at ho køyrde i fjellveggen på fylkesveg 376 ved Hosteland i Masfjorden i føremiddag. Det skriv Helse Bergen i ei pressemelding. Kvinna skal ha vore åleine i bilen, og vart send til Haukeland med luftambulanse.