Hopp til innhold

Ålvik gjer seg klar til nedlegging

Ved Elkem Bjølvefossen ventar dei på at produksjonen flyttast til Island. Her kan du sjå kvar produsjonen hamnar!

Tysdag vart det kjent at Elkem Bremanger  i Sogn og Fjordane flyttar delar av produksjonen til Island.

I første omgang forsvinn åtte arbeidsplassar frå Elkem Bremanger sitt smelteverk, når ein av to omnar vert stengd ned og flytta.

Årsaka til flyttinga er dei høge kraftprisane her til lands. På Island er prisen på den elektriske krafta billeg samanlikna med han her i Noreg.

Fredag 13. lagnadsdagen

Elkem Bremanger er ikkje den einaste kraftkrevande industristaden på Vestlandet som må flytte produksjonen til Island grunna høge energikostnader.

I Ålvik i Kvam kommune ved Hardangerfjorden ventar dei på den endelege avgjerdsla om nedlegging av Elkem Bjølvefossen.

Fredag 13. oktober er lagnadsdagen.

Om lag 130 arbeidsplassar og produksjonen vert etter alle solemerker flytta til Island.

Her kan du sjå kvar arbeidsplassane i Ålvik vert flytta.