Hopp til innhold

Alt ope etter avtroppande ordførar

Luster skal ha ny ordførar etter valet. Fleire kjenner seg kalla.

Utsyn frå Molden i Luster
Foto: Oddfrid Vange Bergfjord

Luster har ei fortid som tre kommunar som vart slått saman. Det har prega det politiske landskapet i ei årrekkje, og er vel ikkje heilt borte.

Kommunen har tradisjonelt hatt to store parti, Ap og Sp, og det er kanskje typisk for ein kommune med ein del motsetnader at det blir ein kompromisskandidat som kaprar ordførarklubba. I dei to siste periodane har ordføraren heitt Torodd Urnes (KrF).

No tek han ikkje attval, og dermed er alt ope.

Ap eller Sp?

Ap har hatt lengste ordførarperioden i Luster med Ernst Veum. Leiken starta då han vart vraka av Ap for 8 år sidan og konverterte til Frp. Det opna for Urnes og KrF.

Denne gongen stiller Ap med ny kandidat: Torunn Gauteplass Hønsi, og ser vel ut til å vere ein mykje aktuell kandidat til klubba i år. Enkelte vil halde henne som favoritt.

Hovudutfordrar blir nok Senterpartiet som stiller med Ivar Kvalen, som sist.

Bak desse lurer framleis KrF som har skifta ut Urnes med Olaug Høyheim, og gamleordførar Ernst Veum er framleis i manesjen som listetopp for Frp.

Høgre, SV og Venstre synest å vere for små. Dei stiller med Geir Arve Sandvik (H), Trine Hess Elgersma (SV) og Jon Ove Lomheim (V)

Badeland

var den store saka i sist periode. Ei sak som skapte heit debatt både mellom parti og internt i parti. Saka er avgjort, men effekten av den striden kan lett vere med på å farge partival denne gongen.

Elles har ikkje Luster dei store stridssakene på dagsorden. Dei er ein rik kommune på grunn av kraftinntekter. Dei framstod nyleg på TV som eksempel på ein av dei mest moderne skulane i landet med datateknologi etc.

16-åringane stemmer

Luster er i år mellom dei kommunane i landet som gjer forsøk med stemmerett for 16-åringar. Korleis dette vil slå ut for dei ulike partia er eit av dei største spenningsmomenta i Luster.

Luster - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

FrP

Andre

1995

49,9

 

25,8

13,6

6,4

4,4

 

 

1999

57,2

 

 

 

5,7

 

 

37,1

2003

40,2

4,5

20,9

13,4

7,6

3,7

9,7

 

2007

32,9

3,6

23,6

15,1

5,1

7,8

11,8

    -