Hopp til innhold

Alt klart for operaopninga

Laurdag blir Operahuset på Nordfjoreid opna med verdspremiere på operaen "Tyrfing" av Johannes Haarklou.

Operahuset er klart til å ta imot publikum
Foto: MMS-foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fredag kveld er det generalprøve, der heile ensemblet er samla for første gong.

- Spent på publikum

- No gjeld det å få samspelet på plass slik at vi kan yte verket full rettferd. Eg er veldig spent på korleis publikum tek imot dette stykket, som aldri er framført før, seier ei oppglødd Kari Standal Pavelich.

- Ein stor dag

Operahuset på Nordfjordeid
Foto: Ottar Starheim / NRK

- Dette er ein draum vi har hatt lenge, det å kunne ta i bruk eige operahus. Det blir ein stor dag både for oss og for heile bygda.

Oslo og Nordfjordeid

Kantina i operahuset
Foto: MMS-foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Operahuset på Nordfjord er saman med Operaen i Bjørvika i Oslo dei to einaste reine operahusa i landet, og når opninga i huset blir markert med ein verdspremiere seier det seg sjølv at laurdag 18. april blir ein merkedag for Eid.

Dirigent og ektemake Michael Pavelich er minst like oppglødd som Kari.

- Fantastisk privilegium

- Eg lurer på kva Johannes Haarklou hadde tenkt om han hadde fått vite at verket hans skulle framførast av ein gal amerikanar på Nordfjordeid mange, mange år etter at han skreiv det. Det er eit fantastisk privilegium å få framføre eit verk som har lege gløymt så lenge.

Bestillingsverk

"Tyrfing" var eigentleg eit bestillingsverk til eit teater i Oslo, men Haarklou brukte lang tid på å skrive det, og i mellomtida fekk teateret ny sjef som ikkje var interessert i operaen. Dermed vart det aldri framført.

Egil Hjelmeland tipsa

Det var Egil Hjelmeland i Førde som gjorde ekteparet Pavelich merksame på at det fanst ein uoppført opera av Johannes Haarklou frå Haukedalen. Dei reiste til Oslo og fann dei gløymde notane i Nasjonalbiblioteket. Og laurdag 18. april 2009 blir verket framført.