Hopp til innhold

Alt du treng å vite om koronaviruset i Vestland

866 personar er smitta av koronaviruset i Vestland. 30 personar er døde. Her får du alle råda frå styremaktene.

Luftsmitteisolat på Intensivavdeling på Haukeland universitetssjukehus. Korona.

INTENSIVSENG: Haukeland universitetssjukehus er klar med ein pandemiplan om situasjonen eskalerer ytterlegare.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Per måndag 4. mai er 866 personar bekrefta smitta i Vestland fylke, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

30 personar har døydd som følgje av viruset i fylket.

Måndag var totalt 10 pasientar med påvist covid-19 innlagde på sjukehusa i Vestland fylke.

Seks var innlagde ved Haukeland universitetssjukehus. To av dei får intensivbehandling.

Tre er innlagde ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, ein av desse får naintensivbehandling.

Ein er innlagd i Førde, og får intensivbehandling.

I den ferskast tilgjengelege statistikken fordeler pasientane seg slik:

48
36
27
9
Totalt i region Vest120
Totalt i Norge467

30 dødsfall

Tysdag 24. mars melde Helse Bergen at ein eldre pasient som var innlagt på sjukehuset med koronasmitte, døydde måndag 23. mars. Dette var det første koronarelaterte dødsfallet i Vestland.

Sundag 29. mars døydde ein bebuar ved Gullstøltunet sjukeheim i Bergen.

Tysdag 31. mars døydde ein bebuar til på Gullstøltunet. Også ein bebuarar på ein sjukeheim på Askøy døydde.

3. april opplyser Bergen kommune at ein tredje person ved Gullstøltunet sjukeheim er død.

6. april bekrefta kommunen at to personar til har døydd ved sjukeheimen som følgje av viruset. Det betyr at fem personar ved same avdeling på Gullstøltunet sjukeheim har døydd.

Tysdag 7. april melde Betanien rehabilitering og sjukeheim at to av deira bebuarar som var smitta har døydd. Sjukeheimen har framleis sju pasientar som er koronasmitta.

Onsdag 8. april døydde ein bebuar ved Fyllingsdalen sjukeheim i Bergen.

Fredag 10. april melde Bergen kommune at ein bebuar ved Betanien rehabilitering og sjukeheim døydde. Og Helse Bergen melder og fredag om at ein pasient har døydd ved helseinstitusjonen.

Laurdag 11. april melde Bergen kommune at ein bebuar på Metodisthjemmet var død etter å ha blitt smitta av koronaviruset.

Måndag 13. april melde Bergen kommune at Metodisthjemmet har fått sitt andre dødsfall grunna korona.

Tysdag 14. april melde Bergen kommune at nok ein bebuar ved Metodisthjemmet har døydd av viruset.

Fredag 17. april melde Bergen kommune at ytterlegare to bebuarar ved Metodisthjemmet døydde av koronaviruset.

Måndag 20. april meldte Bergen kommune at tre bebuarar ved Metodisthjemmet er døde som følgje av viruset. Totalt er åtte bebuarar ved sjukeheimen døde.

Tysdag 21. april fekk også Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen eit dødsfall.

Onsdag 22. april kom meldinga om at to personar er død ved Fyllingsdalen sjukeheim i Bergen av koronavirus. Dødsfalla skjedde allereie 9. og 16. april. Begge pasientane kom til heimen etter å ha vore innlagt på sjukehus

Torsdag 23. april kom meldinga om at ytterlegare tre eldre pasientar ved Metodisthjemmet mista livet. Dødsfalla skjedde på Haraldsplass, koronaklinikken og covid-19-avdelinga på Fyllingsdalen sjukeheim.

Fredag 24. april melde Bergen kommune at ytterligare to koronasmitta personar ved Metodisthjemmet hadde dødd.

Onsdag 29. april vart eit nytt dødsfall på Metodisthjemmet meldt. Denne 14. bebuaren som dør etter virusutbrotet var innlagd på covid-19-avdelinga på Fyllingsdalen sykehjem.

30. april meldte Bergen kommune om nok eitt dødsfall ved Metodisthjemmet, og

Totalt har dermed 30 personar døydd som følgje av koronaviruset i Vestland.

Marta Mjeldheim, avdelingsleder for sykepleierne på Bergen legevakt

LEGEVAKTA I BERGEN: Marta Mjeldheim, avdelingsleiar for sjukepleiarane på Bergen legevakt, viste NRK verneutstyret dei må bruke når dei tar prøvar av mogelege koronasmitta pasientar.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Sjekk råda frå din kommune:

NB: NRK oppdaterer ikkje lenger like hyppig på tilfelle av smitta i kommunane i Vestland. I staden oppdaterer vi talet på pasientar som er innlagde på sjukehusa i Helse Vest, og kor mange av dei som får intensivbehandling.

Bergen kommune har også slutta å opplyse om kor mange nye som får påvist smitte i sin kommune. Det kan difor vere fleire feil i oversikta under her, men vi prøver å halde dei så riktige som mogleg:

Få løpande oppdatering om koronaviruset i Vestland her:

Klikk på lenkene for å gå direkte til det aktuelle avsnittet.

Informasjon om fylket

Vestland fylke har ansvar for dei vidaregåande skulane i Vestland, i tillegg til tannhelse og kollektivtransport.

Alle vidaregåande skular i Vestland og resten av landet er no stengd.

Elevar og tilsette blir oppfordra til å kontakte lege viss ein både har symptom på smitte og har vore i område med korona-smitte eller vore i kontakt med andre smitta.

Skule og barnehage

Alle barnehagar og skular er no stengde, har regjeringa bestemt.

Barnehagebarn og barn på småskuletrinnet med foreldre i samfunnskritiske funksjonar får eit omsorgstilbod i sin barnehage og/eller skule.

Kollektivtrafikken

Avinor har stengd ni småflyplassar frå onsdag 18. mars, mellom anna Sandane lufthamn og Bringeland i Førde.

Vestland fylkeskommune og Bergen kommune har innført tiltak for å få ned faren for smitte for reisande på bussar, bane og båt.

Berre reisande som får sitteplass eller som kan stå slik at det er minst ein meter avstand til neste ståande får gå på.

Vektarar og personale frå reiseselskapa blir plassert ut på einskilde haldeplassar for å passe på og gje informasjon.

Her er råda frå fylkeskommunen og Bergen kommune:

  • Reis utanom rushtida.
  • Gå, bruk sykkel eller ha heimekontor
  • Ikkje gå på om du ser at det ikkje er plass
  • Bruk den bakre inngangen
  • Hald éin meter avstand til alle, også til føraren
  • Ikkje betal kontant
  • Følg rettleiing frå personell

Bergen

Bergen kommune har slutta å oppdatere talet på nye smittetilfelle i kommunen. Siste oppdatering var tysdag 17. mars, då hadde 112 personar i kommunen fått påvist smitte.

Utviklinga sidan den første smitta i Bergen har vore slik:

Bergen kommune har fleire informasjonstelefonar du kan kontakte om du har spørsmål. Kva for eit telefonnummer du skal bruke, finn du meir informasjon om på denne sidan.

Øygarden

Per 22. mars er det 13 personar i Øygarden kommune som har fått påvist koronavirus.

Øygarden kommune ber nå om at personar med helsefagleg bakgrunn som har moglegheit til å arbeide i helse- og omsorgstenesta, tek kontakt med kommunen. Dette gjeld også pensjonistar og studentar.

Situasjonen i kommunen er kritisk, seier ordførar Tom Georg Indrevik til NRK.

Folk som har mistanke om at dei kan vera smitta eller har spørsmål kan ringje Sotra legevakt på tlf. 116 117.

Kvinnherad

Måndag 9. mars bekreftar kommuneoverlege Glenn André Opland at ein person har fått påvist koronasmitte i kommunen.

– Dei naudsynte smittesporingane er gjort og dette er ikkje dramatisk, seier Opland.

20. mars melde Kvinnheringen om ytterlegare eit smittetilfelle. Totalt er dermed to personar bekrefta smitta i kommunen.

Bjørnafjorden

Per 24. mars er det påvist 11 tilfelle av koronavirus i Bjørnafjorden, melder kommunen på sine nettsider. Fleire av dei smitta skal vere i nær relasjon til kvarandre, ifølge smittevernoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

Sunnfjord

Per 20. mars var åtte personar bekrefta smitta av korona i Sunnfjord kommune.

Sogndal

Per 22. mars var det totalt fire personar med påvist smitte i Sogndal kommune. Dei to første påviste tilfella av koronasmitte er friskmelde, ifølge kommunen.

Stryn

Per 24. mars har 10 personar i Stryn kommune fått påvist koronavirus, skriv kommunen på nettsida si.

I tillegg er det innført utvida restriksjonar på besøk ved omsorgssentera.

Austevoll

Per torsdag 12. mars er ein person smitta av koronaviruset i Austevoll.

– Vi er i ferd med å kartlegge smittevegen nå, seier rådmann Bjarte Madsen.

Kommunen har samtidig innført nye tiltak for å avgrense vidare spreiing av smitte.

På sjukeheim og i bufellesskap blir talet på besøk avgrensa til to besøkjande per dag, berre nærmaste pårørande. Alle besøk blir også loggført.

Frå og med torsdag 12. mars er det berre tillatne med arrangement med maks 100 personar samla. Alle kommunale arrangement er avlyst. Arrangørar av mindre arrangement må vurdere tiltak for å unngå trengsel eller å utsette arrangementet.

Det er foreløpig ikkje aktuelt å stenge skular eller barnehagar.

Luster

Per 23. mars har Luster kommune to innbyggjarar som er påvist smitta av koronaviruset, melder kommunen på sine nettsider.

Kommunen viser elles til at det blant anna er innført tilgangskontroll ved alle omsorgssentera og at kommunale kulturlokale og -anlegg er stengde

Alver

Per 24. mars har Alver kommune åtte personar som har testa positivt på koronaviruset, melder kommunen.

Etne

Per 22. mars har fire personar testa positivt for koronavirus, melder kommunen på nettsidene.

Sveio

Ein person er påvist smitta av koronaviruset i Sveio, opplyser kommunen 13. mars. Vedkomande har vore i isolasjon etter reise frå land med vedvarande smitte. Ifølgje kommunelegen er det ikkje grunn til å tru at vedkomande har smitta andre etter heimkomsten.

Voss

Per 22. mars er det 18 påviste tilfelle av korona i Voss herad, men truleg er langt fleire smitta, skriv kommunen. Dei 18 med smitte er i alle aldersgrupper og er spreidd geografisk over hele kommunen.

Høyanger

Per 20. mars er to personar smitta av koronavirus i Høyanger. Desse to skal vere forbunde med kvarandre. Det er gjennomført karantene og isolasjon, skriv kommunen på sine nettsider.

Vaksdal

Tysdag 17.03 vart det første tilfelle av koronasmitte påvist i Vaksdal kommune. Meldinga kom frå Haukeland universitetssjukehus, fortel kommuneoverlege Ole M. Thorseth til Vaksdalposten. Vedkomande er ikkje innlagt på sjukehus og det skal ikkje vere ein stor risiko for vidare smitte i kommunen.

Askøy

Per 30. mars er det 23 personar med påvist koronasmitte i Askøy. Totalt er om lag 450 personar testa.

Stord

Per 22. mars har tre personar fått stadfesta koronasmitte i Stord kommune. Alle tilfella kan til no sporast til smitte i utlandet, skriv kommunen.

Fitjar

20. mars melde Fitjar kommune om det første tilfellet av koronasmitte i kommunen. Den som er smitta er tilsett ved Fitjar bu- og behandlingssenter. Smitteverntiltak er sett i verk i tråd med FHI sine krav, ifølge kommunen.

Bømlo

Per 24. mars er det registrert to tilfelle av koronasmitte på Bømlo.

Ulvik

20. mars blei det første tilfelle av koronasmitte stadfesta i Ulvik herad. Ifølgje Avisa Hordaland hadde vedkomande vore i utlandet og sette seg sjølv i karantene.

Kva er koronaviruset?

Det nye koronaviruset har fått namnet SARS-CoV-2. Utbrotet av viruset starta i byen Wuhan i Kina i desember 2019. Smitta er knytt til ein marknad som selde mellom anna levande dyr og sjømat. Det gjer at helsestyresmaktene trur smitten kjem frå dyr.

Viruset blei oppdaga av kinesiske helsestyresmakter 7. januar. Verdsorganisasjonen for helse erklærte utbrotet som ei global helsekrise global helsekrise 30. januar.

Viruset smittar mellom gjennom dropesmitte. Dette kan skje anten gjennom lufta, direkte nærkontakt eller indirekte kontant som gjennom til dømes handtak, gelender eller anna inventar som ein smitta har vore i kontakt med.

Sjølve sjukdommen viruset gir heiter COVID-19. Symptom på sjukdommen kan vere feber, sår hals og pustevanskar. Viruset kan gi alvorleg lungebetennelse.

Det finst ingen spesifikk behandling mot sjukdommen.

1. mars var over 87.000 personar bekrefta smitta i verda, 19 av desse i Noreg. 2977 personar har døydd, dei aller fleste i Kina.

Kva gjer eg viss eg mistenker koronasmitte?

For dei aller fleste er ikkje viruset farleg, og sjukdommen gå over av seg sjølv.

Folk over 65 år og folk som er sjuke frå før har høgast risiko for alvorleg sjukdom.

Rådet frå norske helsestyresmakter er å kontakte lege på telefon dersom ein har symptom og har vore i eit av områda med vedvarande spreiing av viruset.

Ein skal også kontakte lege viss ein har vore i nærkontakt med ein person som er bekrefta korona-sjuk.

Områda med vedvarande spreiing er Hubei-provinsen i Kina, Iran, Sør-Korea, Italia og Tirol i Austerrike.

Helsestyresmaktene oppmodar folk til å ringe fastlege eller legevakt på telefon 116 117. Ein skal ikkje oppsøke til dømes legevakt utan avtale på førehand.

Korleis førebygger ein smitte?

Helsestyresmaktene oppfordrar folk til å vaske henda ofte og grundig med såpe og lunkent vatn.

Ein bør og bruke desinfiserande middel som Antibac.

Personar som er sjuke må unngå å hoste eller nyse direkte på andre. Ein bør halde ein meters avstand til personar med symptom på luftvegssjukdom.

Må ein hoste, bør ein bruke eit papirlommetørkle framfor munn og nase for å beskytte andre. Ein kan også hoste i olbogekroken om ein ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.

Bruk av munnbind er ikkje anbefalt. Feilbruk kan auke smittefaren, åtvarar Folkehelseinstituttet.

Kjelder: Folkehelseinstituttet, WHO, Helsedirektoratet, Helse Bergen, Helse Fonna, Bergen kommune.