Alle utskrivne etter Sture-ulukka

Den 17 år gamle guten som vart kritisk skadd etter arbeidsulukka ved Stureterminalen førre veke, vart skriven ut frå sjukehus laurdag. Det stadfestar rektor ved Laksevåg vidaregåande skule, Tone Fløsund. – Eg har snakka med føresette, og guten skal ha det bra. No håpar me han snart er tilbake på skulen, seier Fløsund. Hendinga skjedde tre dagar inn i den 14 dagar lange praksisperioden i Statoil. To elevar frå Laksevåg var involvert. Den andre eleven er tilbake på skulen.