Alle røyster talde opp

I Sogn og Fjordane er stemmeteljinga fullført, ifølge Valdirektoratet.

Dei faste mandata frå valdistriktet fell dermed som venta til Olve Grotle (H), Erling Sande (Sp) og Torbjørn Vereide (Ap).

Førebels har Alfred Bjørlo (V) utjamningsmandat, men det avheng av valresultatet for heile landet.

Oppslutninga i Sogn og Fjordane er 79,7 prosent.