Alle i bussane brukte belte

Statens vegvesen har denne veka sett ekstra fokus på bruk av bilbelte i buss. Om du gløymer belte får du ikkje lenger berre tilsnakk, men 1500 kroner i gebyr. På Sandane kontrollerte Vegvesenet sine folk i går 330 personar for bruk av belte. – Fleire bussar sjekka, alle passasjerar og sjåførar brukte bilbelte. Bra! skriv Vegvesenet på Twitter.