Hopp til innhold

Alle har skifta ut toppfolka sine

Kamp om ordførarklubba også i Hornindal ved årets val, sjølv om sitjande ordførar tek attval.

Grodås sentrum
Foto: Ottar Starheim / NRK

Hornindal har sine fire lister også ved dette valet og alle partia har nok lyst på ordførarklubba. Alle fire partia stiller med nye toppfolk i forhold til førre val.

Lødemel ute

Bjørn Lødemel (H) sat som ordførar i Hornindal frå 1999, og gjorde eit godt val for fire år sidan. Høgre vart største parti med 32,6prosent av stemmene. Edvin Haugen (H) rykte opp for to år sidan då Lødemel fekk stol på Stortinget.

Spenninga er om Haugen greier å halde posisjonen til Høgre, og kapre ordførarklubba gjennom val.

Sp har tidlegare vore store i Hornindal, og stiller i år med Anne-Britt Øen Nygård som ordførarkandidat. Ho er truleg hardaste utfordrar til Haugen.

For Ap stiller i år Bjørn Solum og for Venstre Nina Lødøen Øen.

Saker

Hornindal greidde å få avgjort saka om fleirbrukshall før valet. Dette har vore ein av dei store diskusjonssakene i kommunen gjennom fleire år. Til slutt vart alle partia einige.

No skal dei finne ut kvar fv 60 skal gå gjennom kommunen når den nærmar seg toppen på fylket si prioriteringsliste.

Hornindal treng fleire bustadtomter. Kvar skal ein plassere dei? Kjøs? Grodås? Hjellbakk-området?

Oppheve naturvern?

I Hornindal er fleire parti opptekne av at kommunen har fått verna for mykje av naturen. Dette hindrar t.d. utbygging av småkraftverk som kan gje både grunneigarar og kommunen inntekter. Men dette får ikkje heilhjarta støtte frå dei som er mest opptekne av natur og miljø.

Hornindal - kommuneval

 

Ap

SP

V

H

1995

17,3

42,8

17,9

22,1

1999

18,6

33,8

15,2

32,5

2003

17,6

41,9

11,6

29,5

2007

18,3

26,8

22,3

32,6