Hopp til innhold

Alle generasjonar må trå til på familiehotell: – Utfordrande for mange, seier NHO Reiseliv

Norske hotell kan endeleg ta i mot gjester, men har ikkje nok arbeidskraft. – Ei varsla krise, seier NHO.

Eikum hotell

I ARBEID: Anna Maria Bremer har sommarjobb på Eikum hotell.

Foto: Bjørg Kjos-Wenjum

Det er travle dagar for familien på Eikum hotell i Sogn. Hotellet har teke i mot gjester i over 100 år. Men denne sommaren er noko annleis.

Dei har nemleg ikkje utanlandske arbeidarar.

Fjorten år gamle Anna Maria Bremer har i år sin første sommarjobb på hotellet. Ho er glad for å kunne hjelpe familien i eit vanskeleg år.

– Eg får gjere ulike ting og ta ansvar, det likar eg.

Birger (81) står i oppvasken

Ho står på på kvar dag både i oppvasken og inne i spisesalen. Det gjer også seniorlaget på hotellet, Birger Kjos-Wenjum (81) og kona Aud (79). Dei er foreldra til hotellsjefen.

– Eg og kona er fast frukostvakt så vi er av dei som kjem tidleg på jobb, seier Birger Kjos-Wenjum.

Etter at dei har laga klar frukosten til gjestane, er det hagearbeid som står for tur. Når kvelden kjem deltek dei like godt på kveldsvakta og.

Hotellet er fylt opp med gjestar no i sommarsesongen, og det er så vidt kabalen går opp.

Historia er den same på hotell over heile Noreg.

Eikum hotell

HAGESTELL: Senior Birger Kjos-Wenjum (81) er både i hagen, på kjøkkenet og i spisesalen.

Foto: Bjørg Kjos-Wenjum

– Fortvilande sesong for mange

Nesten halvparten av NHO sine medlemsbedrifter meldte i juni om at det å vere utan utanlandsk arbeidskraft var ei stor utfordring. No merkar dei tilsette det.

Folk er slitne. Eigarar og familiar har jobba vekevis i strekk, det gjer det krevjande, seier kommunikasjonsdirektør Merete Habbestad i NHO reiseliv.

Frå 5. juli i år blei det opna for utanlandsk arbeidskraft utan at ein må i karantene frå land med lågt smittepress, såkalla «grøne land».

NHO meiner folk burde fått kome inn i landet lenge før den datoen, og at styresmaktene skulle ha opna grensene for nødvendig personell langt tidlegare.

– Dette gav vi tydeleg beskjed om allereie i vår. Ein del mindre bedrifter må doble bemanninga om sommaren, det finst ikkje nok nordmenn til å gjere den jobben.

Må ha kontroll på smitten

Det er Justis- og beredskapsdepartementet som avgjer kor tid utanlandske arbeidarar kan kome inn i landet. Og det blir, ifølgje departementet, heile tida gjort nye vurderingar for kva grupper som får unnatak for innreiserestriksjonane.

– Vi skal sjølvsagt ikkje ha strengare innreisetiltak og -restriksjonar lengre enn nødvendig, seier statssekretær Hilde Barstad.

Det siste halvåret har både landbruket og fiskerinæringa etterlyst betre tilgang til arbeidskraft frå utlandet.

Ho forstår at reiselivet gjerne skulle hatt på plass utanlandske arbeidarar lenge før, men sier at smitteråda frå helsestyresmaktene veg tyngst.

– Det er blitt gjort ei rekke lettingar dei siste månadane, og vi kan forhåpentligvis sjå føre oss lettingar for endå fleire grupper framover.

Ville gjerne hatt utanlandske arbeidarar

Dagleg leiar ved Eikum hotell, Ståle Kjos-Wenjum, har blitt ein altmoglegmann på hotellet denne sommaren.

– Eg klipper plen, vaskar rom, serverer gjestene og er på kjøkkenet.

Han skulle gjerne hatt utanlandsk arbeidskraft denne sommaren. Vanlegvis har han fire utanlandske tilsette. Dei kjem tilbake år etter år, no må han lære opp nye folk heile tida.

– Det er ikkje gjort i ein fei, seier Ståle Kjos-Wenjum.

Og berre så det er sagt. Familien planlegg ikkje ferie i år.

I arbeid på Eikum hotell.

ALLE I ARBEID: På Eikum hotell må heile familien i arbeid sidan den utanlandske arbeidskrafta ikkje kjem.

Foto: Bjørg Kjos-Wenjum