Hopp til innhold

Ali trekkjer om møblar 12 timar kvar dag – mangel på handverkarar

50 prosent færre lærlingar i design- og handverksfaga dei siste ti åra. Møbeltapetserar Ali Saleh Alsabaih har så mykje å gjere at han ikkje rekk over alt.

Møbeltapetsering

HAR MYKJE Å GJERE: Møbeltapetserar Ali Saleh Alsabaih jobbar gjerne 12 timar om dagen.

Foto: Seline Larsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har mykje arbeid og mange kundar, fortel Ali Saleh Alsabaih.

Han trer ein knapp gjennom ei båtpute han har laga frå botnen av. Verkstaden, som eigentleg er ein garasje, er full av fullførte og ikkje-fullførte prosjekt.

Telefonen plingar heile tida, og særleg etter at pandemien kom.

– Eg jobbar frå ni om morgonen til åtte-ni om kvelden, seier han.

Gjenbrukstrenden gjer at kundane strøymer på. Det einaste han treng no er nokon som kan hjelpe han.

– Eg tenkjer at eg må finne ein tilsett. Då blir det kjempebra.

Færre blir lærlingar i handverksfag

Ein ny studie viser at reparasjonar kan skape 10.000 nye arbeidsplassar, og at verdiskapinga kan bli 20 milliardar kroner i året.

Men tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det i 2020 berre var 1596 lærlingar i design- og handverksfaga.

Tala har gått nedover dei siste ti åra.

I 2010 var det til samanlikning 2353 læringar i desse faga.

På Eid vidaregåande skule har dei i år fire elevar som kan gå ut i lære når dei er ferdige med studieløpet.

– Eg har veldig lyst å gjere noko innan stoff og tekstil. Til dømes å lage klede eller drive med møbeltapetsering, seier elev Mari Grøndal.

I fjor var det berre 8 personar i Noreg som var lærling i møbeltapetserarfaget.

Linje for handverk, design og produktutvikling på Eid vidaregåande skule

LÆRER HANDVERK: Elev Mari Grøndal går på handverk, design og produktutvikling på Eid vidaregåande skule. Her saman med lærarane Unn Henden og Martin Lødemel.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Folk er meir interesserte i å reparere

Martin Lødemel er lærar ved linja for handverk, design og produktutvikling. Han trur fokus på gjenbruk, miljø og redesign vil føre til behov for fleire handverkarar.

I mars melde NRK at trafikken på nettenesta Finn.no, som sel brukte gjenstandar, har auka med 23 prosent.

– Eg vil anta at folk er meir interesserte i å ta vare på tinga dei har og reparere dei i staden for å kaste og kjøpe nytt, seier han.

TV-program som Farmen, Symesterskapet og Anno gjer folk meir merksame på godt handverk, trur læraren.

– Kanskje ein tek det litt for gitt i dag at ein kan gå i butikken og kjøpe eit ferdig møbel og ein treng ikkje å tenkje på møbeltapetsering. At det er folk som driv på med dei jobbane burde kanskje kome litt meir fram.

Møbeltapetserar Ali er optimistisk. Han håpar å finne nokon som kan ha like stor glede av arbeidet som han.

– Eg likar veldig godt yrket mitt, seier Ali med eit stort smil om munnen.

Ali Saleh Alsabaih

TRIVST I YRKET: Møbeltapetserar Ali Saleh Alsabaih trivst i yrket sitt, men skulle gjerne hatt fleire som kunne hjelpe han med arbeidet.

Foto: Seline Larsen / NRK