Hopp til innhold

Alexander fekk opne Bylarm

OSLO (NRK): Når Bylarm opna onsdag var det med Alexander Pavelich frå Eid sitt band på scena. Framfor ein fullsett arena gjorde han sin aller første jobb med sitt nye band.

Alexander Pavelich og Lovespeake

VIKTIG: Det å opne Bylarm er opne den første og viktigaste spelejobben til Lovespeake med frontfigur Alexander Pavelich frå Nordfjordeid.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Mange omtaler dette bransjetreffet som eit av dei viktigaste i Europa. I fire dagar er musikarar, arrangørar, agentar, publikum og media samla til ein storstilt musikkfest i Oslo.

Eit ærefullt oppdrag

Heile 120 band skal spele 216 konsertar på 16 ulike scener dei komande dagane. Her er det om å gjere å vise seg fram for artistane og knytte kontakter med dei rette personane. Til å opne det heile hadde Bylarm mellom anna plukka ut Alexander Pavelich frå Eid, og hans nye band «Lovespeake.»

–Eg er veldig spent. Det er eit ærefullt oppdrag å få lov til å vere med å opne Bylarm. Desse to konsertane vi gjer her betyr mykje for oss. Det er både nasjonale og internasjonale arrangørar og agentar på plass, så det er klart at det er viktig å gjere ein god jobb her, seier Alexander Pavelich backstage like før han opnar Bylarm.

Stappfull opningskonsert

Konserten i eit fullsett Vulkan arena er den første for det nye bandet frå gjengen som tidlegare kalla seg «Eye Emma Jedi.» Stemninga er høg, tett og sveitt. Publikum både dansar og diggar med på rytmane frå første tone. Her er det eit moderne uttrykk, men med tydlege referansar frå 70, 80 og 90-talet sin feelgoodpop. Blant publikum er det tydeleg at dette er eit knippe dyktige musikarar som elskar å stå på scena, og med ein tydeleg frontfigur i Alexander Pavelich.

Alexander Pavelich på Bylarm 2016 med Lovespeake

SPENT: Alexander Pavelich i Lovespeak er spent på kva dei får ut av å vere plukka ut til å spele på Bylarm.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Store forventningar

I april gir bandet ut sitt debutalbum, og no planlegg dei spelingar både i Norge, Europa og USA det kommande året. Håpet er eit gjennombrot. At dei har blitt spelelista på P3, fanga opp av ei rekke bloggar og plassert på nokre av dei største spelelistene i verda, gir Alexander forventningar om gode ting framover.

- Eg er heilt overvelda over responsen, så no må jo eg berre følge opp alt dette. No er det berre å få musikken vår ut, bygge tillit til ein ny fanskare, spele mange konsertar og levere kvalitetsmusikk. Musikken vår skulle passew dei fleste, enten ein er ung eller gammal, seier Pavelich.