Hopp til innhold

Aleks brukar stemmeretten bak murane

Aleks har mista fridomen, men er framleis politisk engasjert. Faste rammer kan gjere at valdeltakinga går opp blant innsette, trur fengselsforskar.

Aleks i Vik fengsel

AKTIV: Aleks har bakgrunn frå Senterpartiet. No jobbar han med kjernesakene sine frå innsida.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg stemmer. Eg tenker det er viktig for å få mine kjernesaker vidare, seier Aleks, som sonar i Vik fengsel i Sogn.

Han har vore aktiv i Senterungdommen, og håpar Senterpartiet vil gjere eit godt val.

Det er fleire saker som opptek han.

– Barn og unge er viktig. Alt frå klima, til eldreomsorg, skule, arbeid og bustadutvikling.

Også Lukas skal nytte seg av stemmeretten. Fyrste gong han røysta var etter at han mista fridomen.

– Du kan trygt seie at eg er inne i politikken for første gong på lenge, heilt sidan eg gjekk på vidaregåande, seier han.

Fengsel

ROMERIKE FENGSEL: Faste rammer og ordna forhold gjer at valdeltakinga blant fleire kan gå opp i fengsel, trur fengselsforskar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Aleks og Lukas er to av 2299 innsette i norske fengsel som har stemmerett. Det viser tal frå kriminalomsorga.

Kriminalomsorgen fører ikkje statistikk over valdeltaking i fengsla, men erfaringa deira tilseier at det er mange innsette som nyttar seg av stemmeretten.

– Det kan hende at mange ikkje ville oppsøkt vallokale utanfor, men likevel gjer det under dei «ordna forholda» som det er i fengselet, fortel forskar på Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter (KRUS), Berit Johnsen.

– Fangane er smitta av bolsjevisme

I dag gir dei fleste demokrati innsette moglegheit til å delta i val. Unntak er Storbritannia og dei fleste statane i USA.

I Noreg kom den formelle endringa med kommunevalloven frå 1966. Då hadde spørsmålet modna og vore diskutert sidan byrjinga av femtitalet.

Om vi går lenger attende i tid, var tanken på røystande innsette fjern, endå til farleg.

I Fengselsstyrets årbok for 1922 står det for eksempel at:

«De aller fleste av fangene er i større eller mindre grad smittet av bolsjevisme som de under sine ophold ute i friheten gjennem pressen, skrifter og samtaler påvirkes av.»

– Det er først på slutten av syttitalet at retten til å stemme får praktisk betydning, seier Yngve Hammerlin, som har skrive boka Hard mot de harde, myk mot de myke, om norsk kriminalomsorg.

Han legg til:

– I fleire fengsel har val vore populære, ikkje minst i etterkant av at politikarar har vore på besøk. At fleire fangar har eit dårleg forhold til straffe- og kriminalomsorgspolitikken som førast pregar sjølvsagt entusiasmen for å velje.

Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt

BRUKER STEMMEN: Kriminalomsorgen fører ikkje statistikk over valdeltaking i fengsla, men erfaringa deira tilseier at det er mange innsette som nyttar seg av stemmeretten.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Eg har lyst til å bruke stemma mi

Levekårsundersøkingar frå norske fengsel tyder at innsette generelt har lågt utdanningsnivå.

Ifølge SSB finst det samsvar mellom lågt utdanningsnivå og låg deltaking i val.

Hammerlin og Johnsen kjenner ikkje til meiningsmålingar blant norske innsette, og har ingen grunn til å tru at dei stemmer annleis enn befolkninga elles.

– Unntaket går sannsynlegvis på kriminalpolitikk, då dette angår dei direkte, seier Johnsen.

«Ingrid» sit i Bergen fengsel. Ho har ikkje stemt dei siste åra ho har sete inne, men seier ho er opptatt av eldreomsorg.

– Vi snakkar veldig lite om politikk. Overraskande lite faktisk, seier ho.

«Kari» er oppteken av barn og unge, skule, tannhelse og kriminalomsorg.

– Eg har lyst til å bruke stemma mi og lyst til å prøve å få til noko bra for samfunnet, seier ho.

"Ingrid" skal stemme ved årets valg, men synes det er vanskelig å velge blant partiene.

VIL STEMME: «Kari» i Bergen fengsel er oppteken av skule og tannhelse.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Ikkje alle land let fangane stemme

Val i fengsel går føre seg på same måte som i andre type institusjonar, ved at valmedarbeidarar frå kommunen står for gjennomføringa av valet.

– Fengsla pliktar å stille eigna lokale til disposisjon, seier Heidi Bottolfs, direktør for avdeling for førebygging, tilbakeføring og tryggleik i Kriminalomsorgsdirektoratet.

Berit Johnsen

RØYSTE I FENGSEL: Forskar på Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter (KRUS), Berit Johnsen, trur det kan vere mange som røystar for første gong i norske fengsel.

Foto: KRUS

Røverradioen har direktesendingar frå norske fengsel, der dei mellom anna inviterer stortingspolitikarar til diskusjon. Ved sist stortingsval heldt NRK debatt i Bergen fengsel.

Forskar Berit Johnsen ønskjer seg meir søkelys på norske fengsel frå politisk hald.

– Det at politikarane får høyre med innsette og sjå korleis det er å leve under eit fengselsregime har dei veldig godt av.