Hopp til innhold

Han har gått over breen i 30 år

Kvar vår dei siste 30 åra har Torleif Sognnes (80) spent på seg skia og gått over Jostedalsbreen. Ein tur som tek over 20 timar...

Torleif Sognnes er 80 år. Bakkane blir brattare då.

SJÅ VIDEO: 1000 høgdemeter på tre og ein halv time.

– Eg har gått denne turen i over 30 år. Det er vårens høgdepunkt, fortel Torleif Sognnes.

På NRK1 onsdag kveld kunne du fylgje 80-åringen på ein imponerande tur over Jostedalsbreen og til toppen av Supphellenipa.

– Eg gjer det både for turen sin del og for å teste forma og tilstanden. Og det har gått bra so langt. Det er kjekt å sjå kva ein kan klara når ein har starta på 80-åra.

Sognnes fortel at det er ei oppleving å vera på breen, spesielt når ein får med seg skifte frå dag, kveld, natt og morgon.

– Noko heilt anna enn å berre gå ein dagstur, meiner han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Supphellenipa ved Jostedalsbreen er turmålet til Torleif Sognnes.

SJÅ VIDEO: Supphellenipa, 1731 moh, er turmålet til Sognnes.

20 timar i strekk

Sognnes startar den knalltøffe rundturen på Befringsstøylen (500 moh). Derifrå går han opp til naudhytta Kvannebakkbu. Her kviler han litt før han brukar dagen på å gå over Jostedalsbreen og opp på toppen av Supphellenipa (1731 moh).

Frå toppen går han vidare inn til Bings gryte, som han når idet klokka slår midnatt. Derifrå er det ei mil å gå tilbake til Kvannebakkbu, der Sognnes møter soloppgangen.

Ein tur som tek om lag 20 timar for nokon som er i god form.

(Artikkelen held fram under kartet)

Kart over Sognnes tur over Jostedalsbreen
Foto: Statens Kartverk

Kanskje den siste

Det er NRK-journalist Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas som har vore med den spreke 80-åringen på turen over breen.

Ein tur som kanskje vert den siste.

– Eg merkar dei tusen høgdemetra opp til Kvannebakkbu meir og meir. Det vert tyngre for kvart år. Så det spørst om det er siste året, fortel Sognnes.