Frå 1. januar og til 1. august i år fekk Statens naturoppsyn (SNO) inn 1159 mistenkte rovviltskadar på sau.
Det er det lågaste talet i denne perioden nokosinne, ifølge Miljødirektoratet.
Noregs Bondelag er glade for at færre husdyr går tapt. Men dei peiker på tala kamuflerer eit stort problem, nemleg at færre bønder slepp dyra sine ut på beite.
– Sauebøndene i dei mest rovviltutsette områda har forsvunne, seier rovdyransvarleg Erling Aas-Eng i Noregs Bondelag.
– Med dette som bakteppe vil jo naturleg nok tapstala søkke, men det er knapt nokon gladsak. Vi er i ein situasjon der vi treng å styrke sjølvforsyninga i beitelandet Noreg.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag er også uroa over situasjonen. Dei viser til at sauetalet særleg går ned i Innlandet og i Hedmark, som er ulvesona.
– For dei beitebrukarane dette gjeld, så er det svært belastande, seier styremedlem Ståle Støen.
Tal frå Landbruksdirektoratet syner ein nedgang i talet på sau på 1,48 prosent frå fjoråret og fram til i år. Kvart år blir det også færre bønder i Noreg.
Særleg er det i og rundt ulvesona flest bønder gir seg. Der er det nesten ikkje dyr på utmarksbeite lenger, fortel Aas-Eng.
I bjørneområda i Trøndelag er det fleire bønder som stenger fjøsdøra for godt etter store tap.
Har vurdert å gi seg
I fjellbygda Skjåk i Innlandet fylke er det jerven som forsyner seg mest av beitedyra. I sommar gav dei siste beitebrukarane i Reinheimen opp grunna store tap til jerv, fortel Aas- Eng til.
For Skjåk Bondelag er rovdyra ei stor og viktig sak, fortel bondelagsleiar Laurits Ørjasæter.
I tillegg til at nokre bønder allereie har gitt seg, er det andre som held sauene heime på garden i staden for på fjellet.
Nokre bønder i Skjåk har gått over frå sau til storfe fordi dei er mindre utsett for rovdyr, fortel Laurits Ørjasæter. Han er leiar i bondelaget i Skjåk.
Foto: Laurits Ørjasæter– Alternativet er at dei går tapt, seier han.
På to større gardar i området har bøndene fått omstillingsmiddel til å legge om frå sau til storfe. Dei er mindre utsett for rovdyr.
– Men dette er som å pisse i buksa for å halde seg varm, seier Ørjasæter.
Også over fylkesgrensa til Vestland merkar sauebønder godt at jerven forsyner seg av beitedyr.
John Rolf Bjørnevåg i Luster i Sogn har vore inne på tanken å gi seg. Han har mista ein god del sauer til rovdyret.
– Men det er for gale å skulle gi seg, seier Bjørnevåg, som har jobba som bonde i 17 år.
Sambygding Leidulf Veka har også hatt større tap til jerven.
For Bjørnevåg gjekk årets sesong betre enn frykta.
Han fortel at han har fått erstatning for fem dyr drepne av jerv, men han trur at det kan ligge fleire jervedrepne dyr rundt om i fjella.
Færre søkjer erstatning
At færre dyr blir tekne av rovdyr, syner også att på tal bønder som søkjer erstatning for husdyr tekne av freda rovvilt.
Fleire Statsforvaltarar melder at dei har færre erstatningssaker enn i fjor. Det gjeld mellom anna i Vestland, Oslo og Viken og i Møre og Romsdal.
Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn meiner årsaka til nedgangen er fordi forvaltninga og bøndene har måtte tilpassa seg.
– Det er meir og betre lisensfelling i beiteprioriterte område. Ekstraordinære tiltak kan òg bli sett inn. Då blir det mindre konflikt mellom beitedyr og rovdyr, seier Golf.
Så langt i år er det teke ut totalt fem jerv i regionen som Vestland høyrer til, opplyser Rein Arne Golf Statens naturoppsyn.
Foto: Johan Moen / NRKSamstundes har også bønder måtte gjere grep, anten ved å legge om drifta, halde dyra meir heime, eller gi seg.
– Men når færre sauer blir tekne av rovdyr, kan det gjere til at rovdyra får for lite mat?
– Nei, dei finn meir enn nok mat ute i naturen. Når jerven tek sau er det ikkje fordi den har behov, men fordi den får moglegheita å gjere det. Det kan òg vera naturleg for jerv å hamstra, for å ha tilgang på mat utover vinteren.