Hopp til innhold

Aldri før har det vore så vått i Noreg i januar

Årets januar var den våtaste og nest varmaste nokon gong.

Kari og Narve Eimhjellen ved målestasjonen.

LEIE REGNET: Narve Eimhjellen vedgår at han er leie av alt regnet i januar. Normalt skulle han hatt snø på bøen no. Her fotografert saman med kona Kari ein haust for nokre år sidan.

Foto: Magnar Heimset/Firda Tidend

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var ein dag med 0,0 mm nedbør, elles har det vore nedbør kvar dag. Det blei 685,2 mm i januar, og den høgste nedbøren på eit døgn var på 78,9 mm, seier Narve Eimhjellen i Hyen.

Han er ein av dei som målar temperatur og nedbør for Meteorologisk institutt. Sjølv om det ikkje blei ny rekord her, seier Eimhjellen at det likevel har vore ein av dei våtaste og mildaste januar han har opplevd.

Våtast sidan 1900

Med målingar å samanlikne med heilt tilbake til 1900, var det sju stasjonar i Noreg som fekk nye rekordar for høgaste målte nedbørsmengde på eitt døgn. Fleirtalet av desse var i Trøndelag. Det blei sett 30 rekordar for høgaste mengde nedbør målt på månadsbasis, i all hovudsak i Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.

– Det blei ein spesiell månad. Vi har hatt milde januarmånader tidlegare også, men dette blei den våtaste og nest varmaste i ein måleserie som går tilbake til 1900, seier Jostein Mamen som er klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Han fortel at det blei sett endå fleire nedbørsrekordar i januar 1989 og 2005, men då var det også område som fekk lite nedbør, berre 10–30 prosent av normalen.

– Dei tørraste områda i januar i år låg på 50–60 prosent av normalen. Dermed vart månaden den våtaste nokosinne, seier han.

Ny stasjon fekk mest

Det var ein av dei aller nyaste målestasjonane i Noreg som fekk aller mest nedbør i januar. På Gullfjellet i Bergen blei det målt 814,7 mm.

Men trass i at det var både vått og mildt i januar i år, blei likevel ikkje noregsrekorden i nedbør slått.

– I 1989 sette Grøndalen i Sogn og Fjordane rekord med 1189,5 mm så det er ikkje i nærleiken av så store mengder denne gongen. Men i år var det større område som fekk godt med nedbør og som gjorde at januar 2020 blei den våtaste vi har registrert.

Også temperaturen har vore høgare enn normalt. For heile landet låg månadstemperaturen på 6,1 grader over normalen. Berre januar 1989 har vore varmare med 6,2 °C over normalen.

– Det er sett temperaturrekordane ved målestasjonar som har vore i drift i godt over 100 år.

Trur det blir færre kalde vintrar

Klimaforskaren seier det er ein trend at temperaturen stig og at det blir meir nedbør.

– Denne januarmånaden føyer seg inn i det mønsteret. Frå tid til annan vil vi få kalde vintrar også og brukbart skiføre, men det vil gå lengre tid mellom desse gode gammaldagse vintrane.

I Hyen fortel Narve Eimhjellen at dei ikkje er vane med at det så lite snø som no. Han er litt lei av regnet som har kome.

– Vi blir litt sure på vêret. Vi får håpe godvêret kjem til sommaren når vi har mykje nedbør om vinteren.