Hopp til innhold

Aldri før har det vore så mange sommardagar om sommaren i Oslo

Oslo kunne laurdag registrere sin 79. sommardag med over 20 grader. Den førre rekorden for perioden juni, juli og august var 78 dagar i 2006.

Sommervarme i Oslo

SOMMARDAGAR: Oslo har sett ny rekord i tal sommardagar. Kanskje blir det meir bading i Bjørvika denne helga.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Alt onsdag denne veka blei rekorden tangert med 78 dagar med temperaturar over 20 grader på Meteorologisk institutt på Blindern. Laurdag registrerte dei den 79. sommardagen i hovudstaden.

– Blindern i Oslo har i dag sin 79. sommardag med temperatur over 20 grader i juni, juli og august. Den førre rekorden for denne perioden var 78 dagar i 2006, skriv dei på Twitter.

Sommardag-rekord på Blindern

REKORD: I dag eller i helga blir det sett ny rekord i tal sommardagar på Blindern i Oslo.

Foto: @meteorologene

Særleg i Sør-Noreg har det vore ein uvanleg tørr og varm sommar, og det er ingen grunn til å pakke vekk bikini og shorts enda.

– Vi forventar at vi får fint sommarvêr ut august i Sør-Noreg. På søndag kan det bli 25 grader mange plassar, både på Vestlandet og Austafjells. Det blir også ganske fint i Trøndelag og Møre og Romsdal, seier Fagerlid.

Men nord for Trøndelag blir ikkje helgevêret heilt som i sør.

– Noreg er todelt. I Nord-Noreg er det venta skyer og byeluft. Mange stadar vil få nedbør og ikkje særleg høge temperaturar. Sør i Nordland og aust i Finnmark kan få opphaldsvêr og greie temperaturar.

Frå Sortland

MÅ NYTE: Bur du nord for Trondheim bør du nyte finvêrsdagane. For no kan det bli meir skyer framover.

Foto: Jan-Helge Andersen

Fagerlid peikar på at normalt sett skal vestavêret byrje å etablere seg i slutten av august.

– Det er vanleg at vi får lågtrykk frå vest no, men i år har ikkje dette skjedd. Lågtrykka går sør for oss og vi får tilbake varmluft som gjer at vi får veldig fine sommardagar.

Temperaturmessig kan det kome opp i 25 varmegrader i Sør-Noreg i helga – og då blir i alle fall sommardag-rekorden grundig slått.

– Vi har sett ein tendens til at sommaren utvidar seg i begge endar. Både mai og september blir finare og finare. Vi får oftare høge temperaturar i skuldersesongane til sommaren. Det skjer ikkje kvart år, men det er ikkje uvanleg, slår meteorologen fast.

Det er også sendt ut farevarsel for skogbrann på gult nivå.

Varselet gjeld for stor delar av Sør-Noreg, og blir gjeldande til det kjem nedbør av vesentlege mengder.

Skogbrannfare i Sør-Noreg.
Foto: @Meteorologene