Hopp til innhold

Rekordmange cruiseskip til Noreg: – Absurd, meiner MDG

Besøk av cruiseskip gjennom heile året sikra ny rekord i 2019. Næringa ventar ytterlegare vekst i år, noko som får Frp til å juble og MDG til å surne.

Cruisebåter i Bergen

KLART STØRST: Det var om lag 330 cruiseanløp i Bergen i fjor, noko som gjer Bergen til Noregs klart største cruisehamn.

Foto: Atle Markeng / NRK

– Tidlegare var det trafikk berre i sommarhalvåret. Slik er det ikkje lenger, og difor vart 2019 nok ei rekordår, seier dagleg leiar Inge Tangerås i Cruise Norway AS.

Førebelse tal syner at det var 2300 cruiseanløp til Noreg i 2019. Dette talet har auka jamnt og trutt sidan 2015, då det var vel 1700 anløp.

Ein av årsakene til rekorden er at det var cruiseanløp gjennom alle dei tolv månadane i fjor.

Inge Tangerås er daglig leder for interesseorganisasjonen Cruise Norway

FORNØGD: Dagleg leiar i Cruise Norway, Inge Tangerås, kan glede seg over at 2019 vart eit rekordår. Han reknar med ytterlegare vekst i år.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Større cruiseskip

Næringa ventar ytterlegare vekst i 2020. Auken skjer på same tid som det har vore eit sterkt fokus på at cruiseturisme er ein miljøversting.

Også talet på gjestedøgn frå cruisenæringa har auka kraftig sidan 2015. I fjor nådde ein 3,9 millionar gjestedøgn, samanlikna mot 2,5 millionar for fire år sidan.

– Den sterke auken i talet på gjestedøgn har samanheng med at cruiseskipa har vorte større, seier Tangerås.

MDG: – Sørgelege resultat

Nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Arild Hermstad, er svært kritisk til auken i cruisetrafikken.

Det er heilt absurd. Cruiseturismen er ein klimaversting, og spyr ut lokal forureining, seier han.

Hermstad meiner regjeringa har svikta fordi hamneloven gjer det nesten umogleg å avgrense cruisetrafikken for kommunane.

I Bergen har bystyret vedteke eit cruisetak på tre skip og 9000 passasjerar om dagen. Men mottaksplikta hindrar kommunen i å handheve dette.

– Då får ein slike sørgelege resultat. Dersom ikkje næringa kan bli meir miljøvenleg, bør dei vurdere om dei har livets rett, seier Hermstad.

Arild Hermstad, talsmann i Miljøpartiet De Grønne

PROVOSERT: Nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Arild Hermstad, er svært provosert over auken i cruisetrafikken til Noreg. Han meiner næringa er klimaversting som spyr ut forureining.

Foto: Ole Christian Klamas

Frp lovprisar trafikkauken

Næringspolitisk talsperson for Frp på Stortinget, Morten Ørsal Johansen, er oppgitt over reaksjonen frå Arild Hermstad. Han er ikkje uroa over cruisenæringa sitt miljøavtrykk.

– Auken i cruisetrafikken er fenomenalt bra. Tala viser at Noreg er ein viktig cruisedestinasjon og at cruiseturisme er ei viktig næring for landet vårt.

– Cruiseskipa slepp ut store mengder CO₂. Har ikkje auken i cruisetrafikk ein vond bismak?

– Vi har strenge reglar for utslepp i Noreg. Cruisebransjen er sjølv opptatt av å ta vare på miljøet og brukar miljøomsyn som ein forretningsstrategi. På den måten får vi berekraftige skip, seier Johansen.

Morten Ørsal Johansen

POSITIV: Næringspolitisk talsperson i Frp, Morten Ørsal Johansen, karakteriserer auken i cruisetrafikken som fenomenalt bra.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Flest tyskarar

Også Tangerås i Cruise Norway meiner cruisenæringa tek miljøomsyn på alvor.

– Cruisenæringa har teke inn over seg at miljøavtrykket må reduserast. Det blir gjort store investeringar i miljøtiltak, seier han.

Dei fem best besøkte hamnene ligg alle på Vestlandet. Bergen er klart størst. Så kjem Stavanger, Geiranger, Ålesund og Flåm. Oslo kjem først på sjetteplass.

Vel 30 prosent av cruisegjestane i fjor kom frå Tyskland. 25 prosent kom frå England. USA kom på tredjeplass.