Bilfelgprodusenten Fundo i Høyanger er i alvorleg krise. På eit ekstraordinært styremøte måndag vart situasjonen drøfta av eigarane.
Avgjerande for ny felg
- I starten av januar bør dei første brikkane ha falt på plass, seier administrerande direktør i Fundo Hroar Holm Carlsen.
- Spesielt med tanke på at vi skal føre hybridhjulprosjektet i det tempoet som kundane ynskjer treng vi å få nokre millionar kroner på plass, og det er ganske akutt.
Om hjørnesteinsverksemda i Høyanger ikkje får pengar frå styresmakter eller investorar i starten av januar, står utviklinga av ein ny type todelt bilfelg i fare, det såkalla hybridhjulet. Dette er produktet som skal sikre verksemda på lang sikt.
To konkurskrav
Men også på kort sikt har Fundo enorme problem. Krisa i bilindustrien har ført til permitteringar av 100 av dei 300 arbeidarane, og denne veka
.I tillegg har verksemda
og må i skifteretten komande måndag.Holm Carlsen seier dei ikkje har pengar til løn i dag, men at dei håpar å få inn nok innbetalingar frå kundar til å få ut løna i løpet av kort tid.
- Om de ikkje får tak i pengar til midten av januar, kan Fundo då gå konkurs?
- Det er ingenting som tyder på at vi må gå til så drastiske steg førebels. Men vi er sjølvsagt avhengige av velvilje frå bankar og leverandørar for å komme oss gjennom kneika, seier han.
Vanskeleg situasjon
Hovudtillitsvald Erik Flæthe seier at manglande løn skaper problem for dei tilsette. Pengane er for mange ekstra viktige no i etterkant av julefeiringa.
- Dei har lån og husleige som forfell, og det er nok mange som ser på dette som litt problematisk for å seie det mildt, seier Flæthe.