Hopp til innhold

Aktor krev 1 år og 4 månader

Aktor krev fengsel utan vilkår i eitt år og fire månader for sjåføren som har vedgått aktlaust bildrap.

aktor
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Aktor Knut Broberg la ned påstand om fengsel utan vilkår i eitt år og fire månader under sluttprosedyren i Fjordane tingrett i torsdag.

Ein 19-åring har tilstått aktlaust drap etter at Camilla Myren omkom i ei trafikkulukke søndag 13. april 2008.

Fart sentralt

Fart har vore eit sentralt tema under rettssaka.

- Farten i seg sjølv er ikkje avgjerande for avgjerda de skal ta, men det er eit viktig moment i avgjerda, sa aktor Knut Broberg under si sluttprosedyre.

- Farten har vore høg, truleg godt over 130 km/t. Han har iallfall ikkje vore lågare enn 130, sa han og oppmoda retten om å leggje til grunn høg fart når dei skal foreta ei samla bevisvurdering.

Ikkje noko formildande

Han såg ikkje noko formildande ved handlinga til den 19 år gamle sjåføren.

- Han vil ha det tøft framover uavhengig av straff, men det er ikkje formildande ved straffeutmålinga. Det er ingen spesielle formildande moment eller skjerpande moment, sa han.

Broberg la også ned påstand om at 19-åringen mistar retten til å køyre bil i fire år.

Tilståinga kom seint

Heilt fram til rettssaka starta tysdag var det ukjent kor vidt 19-åringen ville tilstå aktlaust drap. Aktor meinte tilståinga kom seint.

- Men det var godt for foreldra, og det er ikkje tvil om at det har vore viktig for dei, sa Broberg som meinte at saka berre har taparar.

- Det er ei trist og meiningslaus sak. Ei 15 år gammal jente mista retten til å leve medan ho hadde dei beste åra framfor seg. Saka er og blir ei tragedie, sa han.

- For strengt

Forsvarar Erik Slotterøy bad i prosedyren om at 19-åringen måtte få mildast mogleg straff.

- Utan å skulle seie noko om straffenivået, er eitt år og fire månader alt for strengt, sa Slotterøy.

Han oppmoda retten om å leggje vekt på den unge alderen til sjåføren og at han har tilstått, i straffeutmålinga.

Erstatning til foreldra

Aktor Knut Broberg og forsvarar Erik Slotterøy
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fart var eit stridstema i prosedyrane, og Slotterøy drog i tvil vurderingane til vitna som forklarte seg tidlegare under rettssaka.

- På vegne av tiltalte vil eg hevde at farten låg rundt 110 km/t. Det er ein fart som er vesentleg lågare enn 131. Køyrer ein i 110 er det ei heilt anna straff enn ved 131, så det har betydning, sa han.

19-åringen aksepterte kravet om 75 000 kroner i erstatning til begge foreldra til den omkomne Camilla Myren.

Dom i saka er venta onsdag 18. mars.