– Dei brukarane som kom på møtet fortalde om kor viktig tilbodet er. Dei ser på Aktiv på dagtid som jobben sin, og fleire sa at treninga var den einaste årsaka til at dei kom seg opp om morgonen, seier dagleg leiar for Aktiv på dagtid i Helse Førde, Harald Munkvoll.
- Les også:
Mange klarte ikkje å komme på møtet
Treningstilbodet har vore ein del av Helse Førde sitt tilbod til pasientar som slit med mellom anna depresjon og angst. Men i desember 2014 vedtok styret i helseføretaket at dei ikkje lenger ville drive tilbodet vidare.
Førde kommune vart utfordra på arbeidet. Og lenge såg det ut til at det skulle stoppe opp 1. juli. Men eit møte i juni endra det heile.
– På møtet fekk kommunen og Helse Førde møte dei som faktisk brukar tilbodet, og dei fekk fortalt sterke historier om kva det betyr for dei. Men dei sterkaste historiene var stumme. Det var brukarar som ikkje makta å møte opp på grunn av angst.
– Det seier litt. Dei ville så veldig gjerne, men klarte det ikkje, seier Munkvoll.
- Les også:
Driv redusert fram til jul
GLAD: - Eg er glad for at brukarane får halde fram med treninga til jul, men eg meiner det er for lite fokus på nytten av denne treningsforma generelt. Fleire bør satse på organisert trening til pasientar, seier leiar for Aktiv på dagtid i Helse Førde, Harald Munkvoll.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKTilbodet som no vert fram til jul er redusert. Dei går frå åtte til fire instruktørar, og det er færre faste treningsprogram. Men treningssenteret vil vere ope som normalt.
– Det er klart det gjorde eit sterkt inntrykk å høyre kor viktig dette tilbodet er for brukarane, seier kommunalsjef i Førde kommune, Kurt Even Andersen.
Men han seier tilbodet dei no vil presentere, ikkje vert det same som har vore i Helse Førde.
– Dette er eit tilbod helseføretaket har hatt og vi vil aldri lukkast med å drive dette på same måten. Vi har mellom anna ikkje same fagkompetanse her.
Blir eit anna tilbod
Dei vil samlokalisere frivilligsentralen, folkehelsekoordinatoren, frisklivssentralen og fritidsaktivitørar.
– Vi kan ikkje berre overta ein avtale som Helse Førde har hatt med eit treningssenter. Vi må ha saka ut på anbod mellom anna. Men det er viktig å hugse at det ikkje er Førde kommune som har avslutta Aktiv på dagtid. Det er det Helse Førde som har gjort, seier kommunalsjefen.
Leiar Sven Ove Alisøy på psykiatrisk klinikk i Helse Førde vil ikkje kommentere saka.