Hopp til innhold

Aksjonistar varslar kamp

Aksjonistar vil at den nye helseministeren skal stoppe flyttinga av ortopediske pasientar.

Svein Hansen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Styret i Helse Førde vedtok i dag at alle pasientar som treng narkose etter til dømes beinbrot berre skal opererast på Sentralsjukehuset i Førde. Dermed må vel 300 pasientar årleg reise frå lokalsjukehusa til Førde for å få behandling, trass i at det er folk på jobb på lokalsjukehusa som kan hjelpe dei.

Les også: Akuttpasientar skal til Førde

Les også: - Eg er utruleg skuffa

Går til helseministeren

Svein Hansen er leiar for aksjonsgruppa for Nordfjord sjukehus. Han set si lit til at den nye helseministeren tek tak i ortopedisaka.

- Eg håpar ein ny stastsråd skal gje oss mulighet til å ta opp igjen bodskapen vår, seier Hansen.

- Alle skjønar at det er ei personleg liding og sløsing med økonomi dersom ein pasient som har brote ein arm skal køyrast frå Vågsøy, forbi Eid og til Førde for å få behandling, seier han.

Opp i Nordfjordrådet

Hansen vil no ta saka opp i Nordfjordrådet, og seier han kjem til å leggje planar i lag med befolkninga og næringslivet i Nordfjord.

- På kva måte vil de påvirke helsministeren?

- Det blir som vi alltid har gjort. Vi har ei velfylt mappe med fakta som vi vil levere frå oss, og så får vi håpe at han har eit anna lyttande vesen, seier Hansen.

- Det er snakk om flytting av 300 pasientar. Er det noko å bry ministeren med?

- Det er fortsettelsen vi snakkar om. Eg trur det er heilt andre ting som ligg bak, seier Hansen.

- Kva då?

- Eg trur ikkje det er gode nok funksjonar i Førde når det gjeld ortopedi, men det løyser ein ikkje ved å flytte ekspertise frå Eid til Førde.