Hopp til innhold

Aksjonistar boikotta eigen ordførar

Lærdal-ordførar Arne Sanden inviterte til dialogmøte om fødestova, men kvinnene bak underskriftsaksjonen møtte aldri opp.

Arne Sanden

VART BOIKOTTA: Arne Sanden kom aldri i dialog med kvinnene bak underskriftsaksjonen for fødestova i Lærdal.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ordføraren i Lærdal hadde måndag kveld invitert unge kvinner i Lærdal til eit dialogmøte om fødestova ved sjukehuset.

Men mange valde å boikotte ordføraren sitt initiativ.

- Han burde ha invitert til dialogmøte før han gjekk ut i avisene med utspelet sitt. Dessutan er det latterleg at han berre inviterte jentene i Lærdal - han burde også ha invitert alle dei i Årdal og Aurland, dei over fjorden og ikkje minst fedrene, seier Linda Kvam Bjørkum.

Lærdal sjukehus

STORM: Lærdal sjukehus er i sentrum for ein opprivande debatt om fødestove og ortopedi.

Foto: unknown / NRK

Trur ikkje på signala

Saman med Marita Mo står ho bak underskriftsaksjonen mot planane om å leggje ned fødestova i Lærdal. Måndag kveld nærma aksjonen seg 1000 underskrifter, etter at aksjonen starta laurdag.

- Uansett kor mykje vi snakker med ordføraren om dette, hjelper det ikkje oss til å få att føden. Dei har allereie sagt det dei meiner, så då har vi ingenting å snakke med dei om, seier Kvam Bjørkum.

- Eg trur også at litt av grunnen til at dei inviterer til eit slikt møte, er at dei vil ro seg inn att, og vise at dei bryr seg om det vi meiner - men det trur vi ikkje på.

Har ikkje tillit til ordføraren

Arne Sanden har tidlegare gått ut med at han kan tenkje seg å byte bort fødestova mot at Lærdal får behalde andre viktige funksjonar ved sjukehuset - som ortopedien.

Men det har aksjonistane lita tru på.

- Reiser føden, reiser også ortopedien. Eg trur det vil bli ein dominoeffekt, seier Kvam Bjørkum.

- Korleis er tilliten til ordføraren no?

- Vi har ikkje mykje tillit til han, seier Kvam Bjørkum.