Aksjonistane kuppa ministeren

Aksjonistane tok styringa då helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kom på besøk til Lærdal sjukehus onsdag ettermiddag.

Kring 150 sogningar hadde møtt fram for å syne si misnøye med at Helse Førde vil omgjere sjukehuset til lokalmedisinsk senter. Mange hadde møtt fram med heimelaga skilt med parolar som tydeleg gav uttrykk for folkemeininga i indre Sogn.

Overrekte bønneskriv

På veg inn på sjukehuset for å møte tilsette, pasientar og leiinga i Helse Førde, vart ministeren stoppa av Bente Øien Hauge i aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus. Ho overrekte ministeren eit bønneskriv og gav tydeleg uttrykk for kva folk i Lærdal meiner.

Mange håpa nok på at ministeren ville gje tydeleg beskjed om at Helse Førde kan gløyme å leggje ned fødestova og akutt-tilbodet ved sjukehuset. Men beskjeden var den same som så mange gonger før: regjeringa vil ikkje leggje ned lokalsjukehus, men dei vil ikkje seie noko om det i framtida skal vere føde- og akuttilbod ved lokalsjukehusa.

Dette har skapt mykje forvirring: Ministeren vil ikkje kommentere

- Kan ikkje vere tydelegare

Onsdag ettermiddag var beskjeden frå Anne-Grete Strøm-Erichsen den same som i morgonsendinga på NRK Sogn og Fjordane:

- Når eg seier at vi ikkje skal leggje ned sjukehus, så betyr det det. Men så seier eg samstundes at sjukehusa må vere innretta slik at dei kan møte dei store utfordringane vi har i framtida. Det betyr at vi kanskje må endre noko av innhaldet.

Skuffa aksjonist

Statsråden peikte også på at eit lokalmedisinsk senter er noko heilt anna enn eit lokalsjukehus, sjølv om det har både sengepostar og spesialistfunksjonar.

- Og vi skal ikkje leggje ned lokalsjukehus. Folk skal ha eit godt helsetilbod. Tydelegare kan eg ikkje vere.

Aksjonsleiar Bente Øien Hauge seier til NRK Sogn og Fjordane etter besøket at ho er skuffa.

- Det var lite nytt. Det var dei same runde formuleringane, seier Hauge.